Blomsterhelsing frå Bollestad

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF)

Statsråd Olaug Bollestad er i Gjesdal komande fredag. Ho blir med kommunen ut til satsarbønder, som alle har gjort større investeringar den siste tida.

Publisert 09.04.2019

Gjesdal kommune har etablert ein god praksis ved å gi bønder ei blomsterhelsing når nye større landbruksbygg er oppført og ferdigstilt. Kommunen gir då bonden ein klapp på skulderen, og viser at dei set pris på at bonden statsar. Denne gongen blir sjølvaste statsråden med.

Detaljar om programmet finn du på heimesida til Landbruks- og matdepartementet.

Gjesdal – ein stor og variert landbrukskommune

Gjesdal kommune er ein stor og variert landbrukskommune. Dei snautt 150 bøndene står for ein årleg verdiskaping på om lag 104 millionar kroner. Som kakediagrammet under viser kjem over halve verdiskapinga frå mjølkeproduksjonen. Vidare kjem to andre grovfôrbaserte produksjonar, ammeku og sau. Kommunen er ein typisk beitekommune, og heile 64 % av jordbruksarelaet er innmarksbeite.

Diagram over verdiskaping i Gjesdal 2017

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.