Tettare på dyrevelferdsaker

Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Fylkesmannen og Mattilsynet har i seinare tid arbeidt med å betre informasjonsutvekslinga mellom etatane slik at dyrevelferdssaker kan bli følgt opp ved behandling av produksjonstilskot. Felles mål er at arbeidet skal ha ein preventiv verknad, og bidra til at pågåande regelverksbrot blir retta opp så fort som mogleg. Vårt inntrykk er at både kommunane og Mattilsynet er positive til samarbeidet

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.06.2016

Tettare dialog med Mattilsynet

Saman med Mattilsynet har Fylkesmannen forsøkt å spesifisere nærare kva type saker Fylkesmannen og kommunen skal ha kopi av frå Mattilsynet når det gjeld dyrevelferdssaker. Det er utarbeidd eit skriv om dette som er sendt til tilsette i kommunane i Rogaland og hos Mattilsynet. I tillegg skal Fylkesmannen og Mattilsynet ha årlege møte, med oppfølging av samarbeidsavtalen som tema. Kommunane blir oppmoda om å etablera liknande samarbeidsmøte lokalt. Målet er å sikre god informasjonsutveksling og at landbruksforvaltninga får kjennskap til saker som bør følgjast opp i saksbehandlinga av produksjonstilskotet.

Arbeidet har gitt resultat

Brev med spesifisering av kva informasjon som skal utvekslast mellom Fylkesmannen/kommunane og Mattilsynet blei sendt ut hausten 2015, og arbeidet som er gjort byrjar heilt klart å vise resultat. Før oppstart av dette arbeidet i Rogaland, hadde vi kjennskap til svært få dyrevelferdssaker. Sidan dialogen med Mattilsynet starta opp, har Fylkesmannen fått kopi av 33 nye saker. Kommunane har følgt opp arbeidet, og frå og med januar 2015 har kommunane reagert med avkorting og/eller annan reaksjon i produksjonstilskotet i ca. 20 saker. Storleiken på avkortinga varierer frå 5 % - 100 % av samla utbetaling, avhengig av bla. kor alvorleg og kor omfattande saka er. Talet reaksjonar har auka gradvis for kvar søknadsomgang.

Vår erfaring så langt er at reaksjonar med avkorting i produksjonstilskotet kan vere eit effektivt verkemiddel for å betre dyrevelferden i dyrehald der dyreeigar ikkje har vist vilje til å rette seg etter Mattilsynet sine vedtak.

Fleire effektar av informasjonsutveksling

Det er ofte samanheng mellom låg produksjon og dårleg dyrevelferd. Fylkesmannen erfarer difor at samarbeidet også gjer at både Mattilsynet og landbruksforvaltninga avdekker fleire saker som er i konflikt med kvarandre sine regelverk. Mattilsynet sitt arbeid er til hjelp for landbruksforvaltninga i å avdekke føretak som ikkje oppfyller grunnvilkåret om å drive vanleg jordbruksproduksjon grunna for låg produksjon. Samtidig bidrar landbruksforvaltninga til at Mattilsynet avdekker føretak med dårleg dyrevelferd, når dei finn føretak med låg/dårleg produksjon.

Mål framover

Sjølv om Fylkesmannen allereie ser resultat av samarbeidet, er det område det må jobbast meir med også i tida framover. Korleis det bør reagerast i ulike saker med mål om mest mogleg likebehandling av saker er eit slikt område. Vidare må det jobbast med å sørgje for lik praksis på tvers av kommunar når det gjeld terskelen for kva informasjon som skal utvekslast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.