Næringsmiddelindustrien i Rogaland tar grep om dyrevelferd

«Me står saman om felles utfordringar» er ordlyden frå bransjen etter møtet med Fylkesmannen i Rogaland og Mattilsynet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2018

10. april blei det arrangert eit møte for slakteria og meieria i fylket i regi av landbruksdirektør Geir Skadberg hos Fylkesmannen i Rogaland. Mattilsynet deltok også og kom med innspel til kva industrien kan ta tak i. Målsettinga med møtet var å få bransjen sjølv til å initiere felles tiltak i forhold til dyrevelferd. Møtedeltakarane blei einige om å opprette ei arbeidsgruppe. Fylkesmannen v/Rolf Gunnar Husveg vil legge til rette for arbeidet, og han vil starte opp dette arbeidet når han tiltrer husdyrstillinga hos Fylkesmannen i Rogaland 1. august 2018. Arbeidsgruppa konstituerer seg på første møte.

Representantar i arbeidsgruppa blir Rolf Gunnar Husveg frå Fylkesmannen i Rogaland, representantar frå Q-meieriet, Tine, Prima Jæren, Fatland, og Nortura. Det er ønskeleg at også Rogaland veterinærforeining deltar.

Tiltak som blei drøfta:

  • Utvikle «bransjestandardar» for dei ulike produksjonane
  • Kompetansebygging; bønder, rådgivarar, veterinærar mfl.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.