Hald dei friske dyra friske

Høgt smittepress er ei stor utfordring for rogalandsbonden. Sjakktrekket er at bonden må slå ring rundt sin eigen gard og hindre smitte i å komme inn i fjøset.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2016

Rogaland har høgt smittepress samanlikna med andre delar av landet. Vi er spesielt sårbare grunna svært høg konsentrasjon av dyr, bruk av mykje utanlandsk arbeidskraft, og ein del import av dyr, utstyr og maskinar. Alle aktørar som har med dyr og matproduksjon å gjere, må prioritere smittevernarbeidet høgare. Dette gjeld spesielt bonden sjølv som i større grad må verne om si verksemd, men alle som ferdast frå fjøs til fjøs har eit sjølvstendig ansvar for å redusere smittepresset. Det må derfor ei haldningsendring til hos alle involverte aktørar.

Digital dermatitt

Ettersom Rogaland har særlege utfordringar med høgt smittepress, har fleire sentrale landbruksaktørar gått saman om det nye prosjektet «Stopp spreiinga av smittsame storfesjukdommar inkludert digital dermatitt». Desse er TINE, Q-meieret, Nortura, Fatland, Prima Jæren, Mattilsynet, Norsk klauvskjærerlag, Den norske veterinærforening og Fylkesmannen i Rogaland.

Spesielt hastar det å stoppe digital dermatitt. Denne smittsame klauvsjukdommen spreier seg i Noreg. Sjukdommen kan føre til halte dyr som påverkar produksjon og dyrevelferd negativt. Det er vanskeleg å bli kvitt digital dermatitt når den har blitt godt etablert i dyreflokken.

Planlagt smittevernarbeid

Utover vinteren og våren skal det gjennomførast mange møte og kurs for klauvskjerarar, bønder, rådgjevarar, sjåførar, veterinærar og andre. Det planlagde smittevernarbeidet vil bli ein naturleg del av eit større prosjekt som er på trappene som handlar om plante- og dyrehelse i Rogaland.

Fylkesmannen i Rogaland støttar prosjektet med kr 150 000 frå Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.