Eggerøre for bøndene

I følgje Landbruksdirektoratet har kvar tredje høne i Noreg adresse i Rogaland. 60 prosent av hønene bur i miljøbur, og dei resterande 40 prosent er frittgåande. No vil matvarekjedene ha egg frå frittgåande høner, og det kan bli dyrt for bøndene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.04.2017

Daglegvarekjeden Rema kutta ut buregg i 2011, og nå følger Bunnpris og Norgesgruppen etter. Norgesgruppen som leverer til Meny, Joker, Kiwi og Spar bestemte nyleg at dei frå 2020 berre skal ha egg frå frittgåande høner. Dette gir produsentane og dei som leverer kyllingar store utfordringar, både driftsmessig og økonomisk.

Mange bønder i Rogaland la om til miljøbur då det i ny forskrift i 2012 blei forbod mot bruk av tradisjonelle bur. Eit miljøbur har krav om verpekassar, vaglepinnar, kloslipar og strøbad. Bøndene investerte mange millionar kroner for å tilpasse seg regelverksendringa.

Omstillinga frå miljøbur til frittgåande vil på ny krevje store investeringar, spesielt i Rogaland, ettersom fordelinga miljøbur/frittgåande er spegelvent i forhold til på landsplan.

– Me reknar om lag 1,5 - 2 millionar kr i investering pr gardsbruk, seier Trond Pedersen, rådgjevar i Nortura.

I Rogaland kan det bety opp mot 200 millionar kroner som må investerast på to år. Og mykje av rekninga må forbrukaren ta.

Fylkesmannen er oppteken av å ta vare på Rogaland, og da må konkurransekraft, matproduksjon, dyrevelferd, sysselsetting og distriktsomsyn balanserast opp mot kvarandre. Vi spør oss: Korleis kjem bøndene til å reagere; vil dei investere eller vil dei avvikle? Og vil vi sjå geografiske skilnader? Vil det bli færre egg i distrikta og fleire i sentrale strøk?

Fakta om verpehøns i Rogaland - Eggknusing frå Fylkesmannen

Basert på tal frå Landbruksdirektoratet, søknad om produksjonstilskot januar 2017:

  • 286 føretak totalt i Rogaland
  • 127 føretak, som har færre enn 1000 verpehøns, har til saman 4019 verpehøns
  • 159 føretak, som har fleire enn 1000 verpehøns, har til saman 1 191 419 verpehøns
  • 17 millionar kg egg årleg
  • 107,7 millionar kr i årleg verdiskaping frå eggproduksjon i Rogaland, jamfør NIBIO-rapport frå 2016.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.