Kommuneproposisjonen for 2020

Kommuneproposisjonen for 2020 blei lagt fram 14. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta.

Endringar i det økonomiske opplegget for 2019 i revidert nasjonalbudsjett (RNB)

Nye overslag tyder på at det vil bli ein reell nedgang i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,8 mrd. kr i 2019. Dette heng mellom anna saman med at skatteinntektene for 2018 blei særleg høge som følgje av meir restskatt for 2017. (2,3 mrd. meir enn lagt til grunn i nasjonalbudsjettet for 2019). Dette blir i hovudsak ikkje ført vidare i 2019.

Overslaget for kommunesektoren sine skatteinntekter i 2019 er  oppjustert med 1,5 mrd. kr som følgje av skatteinngangen til nå i år. Av dette gjeld 1,35 mrd. kr kommunane. Nytt inntektsoverslag er 164,52 mrd. kr, ein vekst på 1,2 % i høve til 2018.

Kostnadsveksten i kommunesektoren (kostnadsdeflatoren) er oppjustert frå 2,8 til 3,0 %. Grunnen er høgare prisvekst på varer og tenester, medan lønsveksten er om lag lik ( 3,2 %, mot 3 ¼ % i statsbudsjettet).  Auka deflator dreg  isolert sett ned realinntektsveksten i 2019 med 1 mrd. kr.

Realveksten i samla inntekter for kommunesektoren er nå rekna til 0,4 mrd. kr, 0,2 mrd. høgare enn i saldert statsbudsjett.

Investeringstilskotet til etablering av heildøgns omsorgsplassar: som følgje av stor søknadsinngang føreslår Regjeringa å auka løyvinga med 78,4 mill. kroner i 2019.  Dette svarar til om lag 900 nye plassar. Forslaget inneber ein auke av tilsegnsramma i 2019 med 1567,6 mill. kr.

Det blir føreslått eit nytt investeringstilskot til lokalkjøkken på sjukeheimar og i omsorgsboligar på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Det er gitt ei tilsegnsramme på 12,5 mill. kr i 2019. Satsinga er ein del av kvalitetsreformen for eldre - Leve hele livet.

Regelverket for arbeidsavklaringspengar blei endra frå 1. januar 2018. I lovproposisjonen blei det lagt til grunn at større meirutgifter for kommunane skulle kompenserast. KOSTRA-tal for 2018 viser at endringa har ført til at kommunanes utgifter til sosialhjelp har auka med 90 mill. kr. I revidert nasjonalbudsjett blir det føreslått at ein kompenserer for dette gjennom ein auke i rammetilskotet.

Bustønad for barnefamiliar og andre store husstandar blir auka med 66 mill. kr i år. Tilskot til etablering blir auka med 117,5 mill. kr i 2019 for å hjelpa fleire barnefamiliar frå å leige til eigen bustad.

Kompensasjon for bortfall av eigedomsskatt på arbeidsmaskinar m.v.: Nytt tapsoverslag er på 730 mill. kr samla, men ein held fast ved ein kompensasjonssum på 500 mill. kr, 71 mill. i år. Det blir ein eigendel på 16 kr pr innb. slik at kommunane med størst tap blir prioritert noko. Kompensasjonen vil bli utbetalt i juni etter at Stortinget har behandla kommuneproposisjen/RNB. Jf. Prop. 114 S (2019-2020).

Det økonomiske opplegget for 2020

Regjeringa legg opp til ein realvekst i frie inntekter på mellom 1 og 2 mrd. kr i 2020. Dette motsvarar ein vekst på mellom 0,3 og 0,5 %. Dette er noko lågare enn tidlegare år. Ein legg opp til at heile auken går til kommunane.

Fylkeskommunane får mellom -0,2 og 0,1 mrd. kr av den føreslåtte veksten i frie inntekter. Dette heng saman med nedgang i talet på 16-18-åringar.

Det er ikkje lagt opp til spesielle bindingar på veksten.

Realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter er rekna til mellom 0,2 og 1,5 mrd. kroner (svarar til 0 – 0,3 % vekst).

Meirutgifter som følgje av demografiske endringar i 2020 er rekna til  1,3 mrd. kr, med same nivå på tenestene som i dag. 900 mill. kr av dette er knytt til tenester som blir finansierte av dei frie inntektene. Frå 2023 vil ein få ein sterk auke i demografiutgiftene og ein bør bu seg på dette. Alt i 2027 kan ein få ein auke på 5 mrd.kr.

KMD reknar med ein negativ vekst i pensjonskostnadene for kommunesektoren på rundt 450 mill. kr i 2020, utover det som blir dekka av den kommunale deflatoren. Det er monaleg uvisse knytt til dette overslaget. Det vil som vanleg koma nærare opplysningar om føresetnadene for berekning av pensjonskostnadene i eit eige rundskriv til alle kommunar og fylkeskommunar.

Det økonomiske handlingsrommet kan aukast gjennom effektivisering. Kommunesektoren gjennomfører eit betydeleg omstillings- og effektiviseringsarbeid for å frigjera ressursar til å kunna gje innbyggjarane fleire og betre tenester. Senter for økonomisk forsking (SØF) har utarbeidd analysar som viser at samla effektivitet i gjennomsnitt auka med om lag 0,3 % per år i perioden 2008-2017 i sektorane barnehage, grunnskole og pleie og omsorg. Kan ein oppnå ein auke i effektiviteten på 0,5 %, motsvarar dette 1,3 mrd. kroner i frigjorte midlar, som kan brukast til å styrkja tenestene i tillegg til det som følgjer av inntektsveksten.

Inntektsveksten for 2020 er basert på inntektsnivået for 2019 i revidert nasjonalbudsjett. Dersom inntektsoverslaga er endra når statsbudsjettet blir lagt fram i oktober, kan den varsla inntektsveksten for 2020 bli endra.

Som vanleg blir det lagt opp til at dei kommunale og fylkeskommunale skattøyra for 2020 blir fastsette ved handsaminga av statsbudsjettet for 2020. Det blir vidare lagt opp til at skattøyra blir fastsette på grunnlag av målsetjinga om at skatteinntektene skal utgjera 40 % av kommunane sine samla inntekter.

Kommunereforma

Regjeringa ønskjer framleis å leggja til rette for kommunar som ønskjer å slå seg saman med gode og langsiktige økonomiske ordningar. Regionsentertilskotet blir føreslått vidareført for kommunar som oppfyller vilkåra. Inndelingstilskotet skal kompensera samanslåtte kommunar i ein overgangsperiode dersom samanslåinga har medført reduksjon i basistilskot og distriktstilskot. For samanslåtte kommunar som taper veksttilskot blir det ei eiga føreslått ordning med nedtrapping frå 80 % kompensasjon i 2020 til 40 % i 2021, og avvikling frå 2022.

Stortinget har fatta anmodningsvedtak om at samanslåtte kommunar som får tap på grunn av busetjingskriterium eller andre utilsikta verknader av inntektssystemet, blir kompenserte for dette. Kompensasjonen må vurderast i det enkelte tilfellet. Fylkesmennene skal vurdera behovet for skjønsmidlar til kommunar som slår seg saman ved fordelinga av skjønstilskot i 2020 særskilt, og kompensasjonen må finansierast innanfor Fylkesmannens skjønsramme.

KMD vil gi utgreiingsstøtte gjennom ein enkel modell, for eksempel 200 000 kroner i stønad dersom to kommunar ønskjer å utgreia samanslåing. Det vil også bli gitt støtte til gjennomføring av folkehøyring om samanslåinga med inntil kroner 100 000. 

Inntektssystemet for kommunane

Det blir ikkje foreslått store endringar i inntektssystemet for kommunane i 2020, men det er utgreiingar som kan gi endringar på lengre sikt. Departementet har starta eit prosjekt for å utgreia mogelege insentivverknader av toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande brukarar, og rapportering av tal psykisk utviklingshemma til inntektssystemet. Prosjektet skal ferdigstillast i løpet av 2019.  Endringar i distriktsindeksen er på høyring i vår, og den faglege gjennomgangen blir forventa å vera ferdig i løpet av august. Distriktstilskot for 2020 vil derfor bli rekna vha. same distriktsindeks som for 2019.

Det er tidlegare varsla at delkostnadsnøkkelen for grunnskulen vil bli vurdert i samband med innføringa av lærarnorma og ny nøkkel skal etter planen vera klar i 2020.

Frå og med 2020 vil kompensasjonen for bortfall av eigedomsskatt på maskinar overførast til innbyggjartilskotet med ei særskild fordeling.

Basisramma for skjønstilskotet blir redusert med 50 mill. kr til 950 mill. kr. Reduksjonen blir overført til innbyggjartilskotet.

Innlemming av øyremerka tilskot:

Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2020 føreslå å avvikla og innlemma følgjande tilskot i rammetilskotet til kommunane (K) og fylkeskommunane (F):

  • Tilskot til psykologar i kommunale helseføretak (K)
  • Tilskot til dagaktivitetar til heimebuande personar med demens (K)
  • Tilskot til samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (K)
  • Tilskot til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med spesielle behov (F)
  • Tilskot til karrierevegleiing (F)
  • Tilskot til tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1-10- trinn* (K)
  • Tilskot til etablering og tilpassing av bustad (K)
  • Tilskot til inkluderande og vekstkraftige lokalsamfunn* (F)
  • Tilskot til regionale tiltak for utvikling av næringsmiljø og tilgang til kompetanse* (F)
  • Tilskot til klinisk veterinærvakt utanom arbeidstid (K)
  • Tilskot til skredsikring av fylkesvegar* (F)
  • Tilskot til gong- og sykkelvegar (F)

Fleire av desse vil bli gitt ei særskild fordeling innanfor rammetilskotet (* tabell C i Grønt hefte). Når det gjeld kompensasjon for innføring av lærarnorma, vil altså den nye delkostnadsnøkkelen for grunnskule (jf. ovanfor) tre i kraft frå 2021.

Forslag til statsbudsjett blir lagt fram måndag 7. oktober.

Vi minner elles om Kommuneøkonomidagen torsdag 23. mai der kommuneproposisjonen er eit hovudtema. Det er framleis litt ledige plassar om ein er rask.