Hjelmeland er ute av ROBEK

Hjelmeland kommune er ute av ROBEK frå 9. august. Dermed er ingen kommunar i Rogaland med i dette registeret.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.08.2018

ROBEK står for Register om betinget godkjenning og kontroll (ROBEK) og er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse. 

Kva konsekvensar får det å vera i ROBEK?

Kommunar eller fylkeskommunar i ROBEK må ha godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (fylkeskommunane) eller Fylkesmannen (kommunane) for å kunna fatta gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar, og dei treng lovlegkontroll av budsjettvedtaka.

Underskot førte Hjelmeland inn i registeret

Hjelmeland blei meldt inn i registeret 17. august 2015 på grunn av store rekneskapsunderskot som ikkje var dekt inn etter planen. Siste rest av underskotet for 2013 og 2014 er dekt inn i rekneskapen for 2017. Denne blei behandla i kommunestyret 20. juni.

Haugesund var også i registeret mellom 2010 og 2017. Kommunen hadde store underskot etter «Terra-saka». 19 norske kommunar er framleis "ROBEK-kommunar", men heldigvis ingen i Rogaland. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.