Framleis svakare skattevekst enn landet

Skatteinngangen tok seg litt opp i juli, men veksten er framleis svakare enn prognosen i revidert nasjonalbudsjett i mai, og svakare i fylket enn i landet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.09.2015

Ved utgangen av juli er det ein vekst på 2,5 % i høve til same tidsrom i fjor, mot 4,1% for landet. Kommunevise tal:

 

Skatteinngang t.o.m. juli

 
 

(vekst i % frå året før)

 
 

2013

2014

2015

Eigersund

14,6

5,6

0,4

Sandnes

11,1

4,8

2,4

Stavanger

9,9

-0,2

0,6

Haugesund

10,7

1,5

2,1

Sokndal

12,2

-2,9

0,6

Lund

4,6

0,0

3,4

Bjerkreim

10,7

0,5

4,3

9,0

4,4

2,5

Klepp

12,5

1,1

2,5

Time

14,3

3,8

2,2

Gjesdal

9,3

6,7

1,0

Sola

11,8

4,3

8,4

Randaberg

12,0

2,9

0,4

Forsand

-3,2

7,2

1,9

Strand

11,3

4,5

0,6

Hjelmeland

4,6

2,9

1,8

Suldal

2,2

0,1

0,4

Sauda

4,8

2,6

71,4

Finnøy

9,2

7,4

-2,2

Rennesøy

15,4

4,4

1,7

Kvitsøy

12,1

2,7

3,9

Bokn

1,7

4,2

0,8

Tysvær

6,8

2,1

2,5

Karmøy

9,7

3,0

2,0

Utsira

6,2

5,9

-5,6

Vindafjord

25,2

-17,5

0,6

Rogaland

10,6

1,9

2,5

Rogaland u. Stvgr.

11,0

3,0

3,5

Landet

7,2

2,1

4,1

Inngangen i Stavanger dreg ned, men også kommunane samla utanom Stavanger ligg under landet.

Sauda har fått ein unormal vekst som følgje av at bortimot 50 mill. kr i selskapsskatt, som er ein rein statsskatt, er feilfordelt av Skattedirektoratet. Dette  vil bli tilbakeført seinare. Held ein Sauda utanom er skatteveksten i fylket berre 1,8 %, noko som er svakast av fylka i landet. Rogaland er også det einaste fylket som har nedgang i samla skatteinngang (inkl. statsskatt osv.) med ein reduksjon på 6,9 %, mot ein vekst på 1,9 % for fastlands-Noreg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.