Betre økonomisk resultat i kommunane i 2012

Driftsresultata i kommunane i fylket var betre enn året før og betre enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2012.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.05.2013

Førebels KOSTRA-tal for kommunal økonomi og tenesteproduksjon for 2012 blei publisert av Statistisk Sentralbyrå 15. mars. Alle kommunar i fylket har rapportert, medan det manglar data for  38 kommunar på landsbasis.

Netto driftsresultat, som er eit uttrykk for den økonomiske handlefridomen, utgjer 2,8 % av driftsinntektene mot 2,4 % for 2011 og 1,4 % for 2010. For landet utanom Oslo utgjorde driftsresultatet  2,4 % i 2012 mot 1,8 % i 2011, slik at kommunane i fylket samla ligg betre an enn landet i 2012. Iallfall noko av forklaringa kan liggja i at fylket hadde betre skatteutvikling enn landet i 2012 (meir om dette her).

10 kommunar av 26 hadde betre resultat enn 3 % som er rekna som eit krav til sunn kommuneøkonomi. 14 kommunar hadde betre resultat enn i 2011. Best resultat hadde Hå, svakast Hjelmeland. Nedanfor er kommunane rangert etter driftsresultat i 2012.

Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter

 

2012

2011

 

 

 

8,1

7,3

Vindafjord

5,6

5,6

Sola

5,2

3,3

Gjesdal

5,0

3,7

Finnøy

4,0

2,5

Utsira

4,0

6,5

Stavanger

3,1

3,3

Strand

3,0

1,5

Kvitsøy

3,0

1,3

Tysvær

3,0

2,9

Sandnes

2,9

1,8

Randaberg

2,9

3,4

Suldal

2,9

10,3

Bjerkreim

2,8

3,9

 Rogaland

2,8

2,4

Landet u. Oslo

2,6

1,8

Karmøy

2,1

-2,4

Eigersund

2,0

2,2

Rennesøy

2,0

-0,5

Klepp

1,6

4,3

Sokndal

1,4

-2,1

Lund

1,2

-0,4

Sauda

0,6

2,7

Time

0,4

1,9

Bokn

0,3

3,4

Haugesund

0,0

0,9

Forsand

-1,4

-9,5

Hjelmeland

-2,6

-3,6

Merk at det ikkje er nytta konserntal her, dvs at kommunale føretak og interkommunale selskap (IKS) ikkje er med.

 Lenkje til SSB/KOSTRA

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.