Analyseverktøy KOSTRA-tal for 2010

Vi legg fram ein ny versjon av eit samanlikningsverktøy for kommunal økonomi og tenesteyting, oppdatert med endelege KOSTRA-tal for 2010.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.09.2011

Analyseverktøyet kan brukast av alle som treng rask tilgang til ferdigdefinerte analysar av KOSTRA-tal. Verktøyet er utforma slik at det er brukaren som sjølv vel ut kommunar og type tenester som skal analyserast.

KOSTRA er eit nasjonalt informasjonssystem som viser statistiske data for økonomi og tenesteproduksjon i kommunane. KOSTRA dekkjer økonomi, dekningsgrader, einingskostnader, prioritering og kvalitetsindikatorar for heile spekteret av kommunale tenester. Analyseverktøyet som er presentert her byggjer direkte på systematikken som ligg i databasane til SSB og dekkjer dei fleste viktige kommunale tenesteområde. Dersom ein treng utfyllande informasjon om KOSTRA, finn ein dette på SSB og Kommunaldepartementet sine KOSTRA-sider. Her vil begrepa og definisjonane som blir brukt i KOSTRA vera nærare forklart.

Etter tilråding frå SSB og KRD brukar vi konserntal, der desse tala finst. Føremålet med dette er å få fram tal som i mindre grad er påverka av kommunal organisering. Du kan lesa meir om Kostra konserntal hos SSB.

Styringsarka for samanlikningsverktøyet er i utgangspunktet lagt ut med data for kommunenr 1101 Eigersund og 1119 Hå for åra 2008-2010, vidare fylkes- og landstal for 2010. Det er eit felt der ein fritt kan velja år og eit felt der ein kan velja kommune (basert på kommunenr.) og kommunegruppe, fylke og tal for heile landet. Liste over kommunenr og kommunegrupper finn ein i filene "Kommunegruppering 2011" .

Merk at det er brukt nedtrekksmenyar i nokre av styringscellene. Vi ber om tilbakemelding dersom ein får problem med å opna reknearka (excel2007).

Grunnstrukturen i analyseverktøyet er utarbeidd av Helge Holthe hos Fylkesmannen i Nord Trøndelag

Lenkjer til reknearka: xls ods
Kostraområde A. Finans XLS ikon Default Ikon
Kostraområde A1. Finans - konserntal XLS ikon Default Ikon
Kostraområde B. Behovsprofil XLS ikon Default Ikon
Kostraområde C1 Barnehage (konsern) XLS ikon Default Ikon
Kostraområde F. Pleie og omsorg XLS ikon Default Ikon
Kostraområde D1. Grunnskole (konsern) XLS ikon Default Ikon
Kostraområde E1. Kommunehelse (konsern) XLS ikon Default Ikon
Kostraområde G1. Sosialtjenesten (konsern) XLS ikon Default Ikon
Kostraområde H. Barnevern XLS ikon Default Ikon
Kommunegruppering 2011 XLS ikon Default Ikon

 








Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer