Helsetenester

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Fylkesmannen fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, vil ho bli send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fylkesmannens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Fylkesmannen vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Fylkesmannen vil også kunne ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Fylkesmannen. Ved særleg grove rettsbrot vil Fylkesmannen sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Fylkesmannens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


05.06.2018

Betre lindrande behandling til personar med demens

Eit nytt e-læringsprogram skal gjere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar betre rusta til å gi personar med demens gode tenester i siste fase av livet.


28.05.2018

191 personar på venteliste til sjukeheim i Rogaland

Helsedirektoratet har no klar den første nasjonale oversikta over personar på venteliste til sjukeheimsplass.


02.03.2018

Reaksjonar mot 17 helsepersonell i Rogaland

I 2017 fekk 17 helsepersonell i Rogaland ein reaksjon frå Statens helsetilsyn. Åtte av desse mista autorisasjonen, sju fekk åtvaring og to fekk innskrenka autorisasjon.


29.01.2018

Fleire årsverk i psykisk helse- og rusarbeid i kommunane

Dette går frem av rapporten «Kommunalt psykisk helse- og rusarbeid 2017: Årsverk, kompetanse og innhold i tjenestene», som SINTEF har utarbeidd på oppdrag frå Helsedirektoratet.


17.01.2018

Meldeplikt for kommunen når ei gravid rusavhengig kvinne blir tvangsplassert i helseinstitusjon

Kommunen pliktar frå 1. januar 2018 å melda frå til barnevernstenesta når ei gravid rusmiddelavhengig kvinne blir tvangsplassert på helseinstitusjon. Meldinga gir barnevernstenesta anledning til å opna undersøking utan den gravide kvinna sitt samtykke.


15.12.2017

Ny lovendring styrker barn sine rettar som pasientar

Frå 01.01.2018 blir barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken


27.04.2017

Kompetanseløft 2020 – ny rapport om oppgåver og tiltak for budsjettåret 2017

Kompetanseløft 2020 er regjeringa si satsing for å styrkje rekruttering, fag- og kompetanseutvikling i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Ein ny rapport gir oversikt over meir enn 50  tiltak i 2017.


28.03.2017

Nytt e-læringskurs om tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

God sakshandsaming er viktig for at dei som treng kommunale helse- og omsorgstenester skal få riktige tenester.


09.03.2017

Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2017

Det er no høve til å søkje om tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstiltak. Fylkesmannen har til saman 1 150 000 kroner til disposisjon, og søknadsfristen er 18. april 2017.


08.02.2017

Kommunevis fordeling av tilskott for områda helse;- sosial og barnevern- 2016

Om lag 168 000 000 er gitt tilskott til kommunane i Rogaland på områda helse, sosial og barnevern
i 2016.

Se vedlegg!


Fleire nyhende