Når operatøren krevjar ny helseerklæring

Kva skjer dersom offshorehelsetenesta meiner ein person med gyldig helseerklæring ikkje har god nok helse til å arbeide offshore?

Etter forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs § 16 kan operatør, leverandør og andre som deltek i petroleumsverksemda krevje ny helseerklæring dersom det er sannsynleg at personen ikkje lenger oppfyller krava til helse. Dette inneber at offshorehelsetenesta kan nekte å godta personen si helseerklæring, sjølv om den er gyldig. Personen kan bli nekta nye utreiser. Offshorehelsetenesta gjer dette for å sikre forskrifta sitt formål om sikker drift av innretninga.

Vi gjer merksam på at offshorehelsetenesta og den legen som er fagleg ansvarleg for tenesta ikkje kan utstede erklæring om ikkje oppfylte helsekrav utan å ha undersøkt personen. Personen kan ikkje bli undersøkt utan samtykke.

Det er altså berre petroleumslegen som kan utstede erklæring om ikkje oppfylte helsekrav. Personen står fritt i valet av petroleumslege.

Kontaktpersonar