Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller inndirekte fremjar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot faktorar som trugar helsa. Folkehelsearbeid er også det å arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. 

God folkehelse er eit felles ansvar

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Folkehelselova gir fylkeskommunane og kommunane eit hovudansvar for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Folkehelseomsyn i planarbeid

Fylkesmannen skal bidra til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, der planlegging er eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Fylkesmannen vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Fylkesmannen skal bidra til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Fylkesmannen kan dessutan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir


17.09.2013

Kompetansehevande grunnkurs for frisklivsstilsette

Kursleiarkurs i Bra mat, fysisk aktivitet i grupper og motiverande samtale med oppfølgingsdag i februar 2014

12.08.2013

Fleire frisklivssentralar

Ein frisklivssentral er ein kommunal helseteneste som har som mål å fremje fysisk og psykisk helse samt å førebyggje og meistre sykdom. Stadig fleire kommunar i Rogaland etablerer slike frisklivssentalar.

31.05.2013

Verdens tobakksfrie dag

Verdens tobakksfrie dag vert markert kvart år den 31. mai for å rette merksemda mot tobakksrelaterte dødsfall og sjukdommar. Det er Verdens helseorganisasjon (WHO) som står bak markeringa og som fastsett tema for dagen. I 2013 er tema ”Ban tobacco advertising, promotion and sponsorship”, - stopp all marknadsføring av tobakk! WHO er ansvarleg for den globale markeringa.

25.01.2013

Endra rettleiar for nytt kommunalt sengetilbod

Helsedirektoratet har no kome med revidert rettleiar for kommunane sin plikt til øyeblikkeleg hjelp døgnopphald.

21.11.2012

6.2 millionar til samhandling i Rogaland

81,6 millionar er delt ut til frisklivssentralar, rehabiliteringstiltak, samarbeid om lokalmedisinske senter og andre tiltak som skal byggje oppunder samhandlingsreforma. 6,2 millionar gjekk til kommunane i Rogaland.

18.07.2012

"Kosthåndboken" - rettleiar i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstenesta

​"Kosthåndboken" vil styrka ernæringskompetansen i helse- og omsorgstenesta og vera eit verktøy for å implementera nasjonale faglege retningsliner om ernæring.

28.02.2012

Utviklinga i norsk kosthald

Kvart år gir Helsedirektoratet ut nye tal om matvareforbruk og næringsinnhald i kosten. Tal for 2011 ligg no føre. Det er verd å merke seg at vi har ei positiv utvikling på fleire område, men framleis har vi store utfordringar.

12.01.2012

Statistikkbank og folkehelseprofilar på nett

Folkehelselova gjeld frå 1. januar 2012. Til hjelp i oppfølging av lova finn du no folkehelseprofil for kvar kommune og statistikkbank for alle kommunar på Folkehelseinstituttet si nettside.