Det kommunale barnevernet skal styrkast

Barneverntenesta i kommunane skal styrkast gjennom eit omfattande kvalitets- og kompetanseløft.
Barneverntenesta i kommunane skal styrkast gjennom eit omfattande kvalitets- og kompetanseløft. (Foto: Illustrasjonsfoto / Fylkesmannen i Rogaland)

I perioden 2017–2024 gjennomfører Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet eit kvalitets- og kompetanseløft i dei kommunale barneverntenestene. Tiltaka skal syta for at barn, unge og familiar møter tilsette med høg fagleg kompetanse og tenester av god kvalitet, uavhengig av kva kommune dei bur i.

Satsinga og tiltaka må sjåast i samanheng med regjeringa si kvalitets- og strukturreform der det er lagt opp til endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune på barnevernområdet frå 2020.

Målsetting

  • Ein felles fagleg plattform for barnevernet.
  • Meir lik praksis i kommunane.
  • Eit betre samarbeid mellom kommunar, og dermed sterkare fagmiljø og mindre sårbarheit i dei små kommunane.

Oversikt over tiltaka i kompetansesatsinga

Kva betyr det i Rogaland?

Det skal gjennomførast dialogmøte i alle kommunane i løpet av 2018 og 2019. Temaet er fag, kvalitet, økonomi, eigarskap/leiing og internkontroll. Kommunane skal sjølv gjera ei risikovurdering av eiga teneste. I tillegg til dialogmøta, får kommunane tilbod om å delta i tenestestøtteprogram og eit læringsnettverk. 

Tenestestøtteprogram

Målet er betre og meir heilskapleg kvalitet i barneverntenesta. Målgruppe:
Leiarar og tilsette i kommunal barnevernteneste.

  • Arbeid med undersøkingar og avgjerder.
  • Samarbeid med familiar om endring gjennom hjelpetiltak.
  • Traumeforståing og innsikt i barn og unge sine ulike uttrykk og behov.
  • Arbeid med nettverksmobilisering og medverknad.

I Rogaland er desse kommunane med i 2018

  • Gjesdal, Bjerkreim, Forsand, Hjelmeland og Indre Ryfylke (Sauda og Suldal), Tysvær, Vindafjord/Etne og Sveio.

Læringsnettverk

  • Bidra til at kommunane samarbeider om kvalitetsutvikling.
  • Styrka kommunane si oppfølging av utsette barn og familier gjennom utvikling av lokale tenester og tilbod.
  • Etablering av fagfellesskap.
  • Laga kompetanseplan.

12 kommunar har førebels takka ja til å delta i læringsnettverket.

Utover desse tiltaka kjem det i Rogaland ei ny vidareutdanning, Juss i barnevernet, ved Universitetet i Stavanger frå hausten 2018.

 – Historisk stor satsing på kommunalt barnevern

Eit større kommunalt ansvar for barneverntenesta krev eit tydeleg og godt eigarskap til barneverntenesta på leiarnivået i kommunane.
 – Dette er ei historisk stor satsing på det kommunale barnevernet. Å auka kompetansen og etablera fagfelleskap på tvers av kommunar er heilt sentralt for å heva kvaliteten i tenesta, seier Rigmor Kvia de Waard, assisterande direktør i helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland. 

Kontaktpersonar