Førebyggjande samfunnstryggleik

All planlegging skal fremme samfunnstryggleik. Det går fram av mellom anna plan- og bygningslova. Som lokal planstyresmakt har kommunane ansvar for og heimel til å nekte at areal som er eller kan vere utsette for fare, blir tekne i bruk. Dette gjeld for så vel enkeltståande byggjetiltak som meir omfattande planar.

Omsynet til samfunnstryggleik må føre til konkrete val

I praksis betyr dette blant anna at bustadfelt og institusjonar ikkje må leggjast til område som er utsette for flaum, skred eller andre hendingar som kan innebere fare for liv og helse. Det bør òg vere alternative forsyningsvegar av drikkevatn og straum dersom hovudtilførslane skulle bryte saman. Ved etablering av nye samferdselsårer skal bustadområde, skular og andre institusjonar skjermast best mogleg.

Kommunal ROS-analyse er lovbestemt

Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) blir brukte til å kartleggje sannsynet for og konsekvensane av uønskte hendingar i eit bestemt område. Dette kan for eksempel vere flaum eller straumbrot. Ein heilskapleg ROS-analyse skal liggje til grunn for kommunens arbeid med samfunnstryggleik.

Vis meir


28.10.2019

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?

Målet med Eigenberedskapsveka 2019, som varer frå 28. oktober til 3. november, er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar.

30.04.2019

Test av befolkningsvarslinga ved Storfjorden 2. mai 2019

I ei pressemelding varslar Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB), at dei 2. mai mellom kl. 15:00-15:30,  kjem til å teste befolkningsvarslingssystema.

07.11.2018

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Oslo kommune har utvikla ein kampanje for å betre folk sin eigenberedskap. Kva bør du ha i heimen for å klare deg sjølv i minst tre dagar?

06.01.2014

Tilsyn med kommunane sitt beredskapsarbeid

Kommunane sitt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i lokalsamfunnet vart formalisert gjennom sivilbeskyttelseslova som vart vedteken i 2010 og forskrift om kommunal beredskapsplikt som kom i 2011. Gjennom forskrifta fekk også fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med kommunane si oppfølging av beredskapsplikta.