Endra geografisk fordeling av rovvilttap i 2020

Rovvilttapa auka i Surnadal og Tingvoll i 2020, men gjekk ned i Rauma, Fjord og Molde. Samla for fylket er det i år ein liten nedgang i omsøkte tap til rovvilt samanlikna med 2019. 

Publisert 10.11.2020

Fylkesmannen har ved søknadsfristen 1. november mottatt 51 søknader om erstatning for 1155 sau og lam drept av freda rovvilt i 2020. Dette er ein liten nedgang frå 2019.

Tala er ikkje heilt samanliknbare med tala frå tidlegare år, då Rindal kommune gjekk til Trøndelag fylke i 2019, og Halsa kommune gjorde det same i 2020. 

Totalt for fylket er det søkt erstatta 857 sau tapt til jerv, ein nedgang på om lag 150 dyr frå 2019. Omsøkt tap til gaupe er på 264 dyr, 100 fleire enn i fjor. Kongeørnskadene er halvert frå 2019 med 34 omsøkte dyr. 

Kommunevis er dei største omsøkte tapa i 2020 innmeldt frå Surnadal. Det er søkt erstatta 292 sau og lam for tap til jerv og 107 dyr for tap til gaupe. For jerv er dette knapt dobbelt så mange dyr som i 2019, og for gaupe er det nesten ti gonger fleire enn i fjor. Tingvoll har også ein auke i søknader for tap til gaupe.

Rauma, Fjord og Molde har alle vesentleg nedgang i søknader knytt til jerv. For gaupe gjekk søkartala frå Rauma kraftig opp i 2020. 

Under Dokument i menyen til høgre finn du tabell og figurar med oversikt over søknadstala. Fordelinga av erstatningskravet på dei ulike rovviltartane er gjort av saueeigarane ved innsending av søknad om erstatning for tap til rovvilt.

Søknadene om erstatning vil som utgangspunkt bli handsama før årsskiftet. 

imagewaieo.png

Figuren viser korleis dei omsøkte tapa i 2020 fordelar seg mellom beitekommunane samanlikna med 2019.