No skal rynkerosa bort!

Rynkerose (Rosa rugosa)
Rynkerose (Rosa rugosa)

Fylkesmannen har starta uttak av den svartelista arten rynkerose i Fræna, Midsund, Molde og Surnadal. Rynkerosa spreier seg langs strender i heile fylket, og trugar den stadeigne vegetasjonen på strandengene. I tillegg skaper rynkerosa problem for friluftslivet og hindrar utsikta.

Rynkerosa (Rosa rugosa) er vurdert til å ha ein svært høg økologisk risiko på svartelista over framande artar. Arten kjem opphavleg frå Aust-Asia, og har vore brukt i hagar og parkanlegg. Det er først når arten spreier seg ut i naturen at det oppstår problem. Arten er difor forbode å omsetje og setje ut frå sist årsskifte.

«Skal vi hindre skadar av rynkerosa, må vi også fjerne dei som alt veks i naturen», seier fagansvarleg Ola Betten. Det er ikkje nok å fjerne arten frå naturreservat og andre verneområde, han må også fjernast frå andre areal. Statens naturoppsyn har fjerna rynkerose frå verneområda i mange år, og no står andre område for tur.

Uttaket i Møre og Romsdal er ein del av ein nasjonal handlingsplan mot rynkerose, og er finansiert av Miljødirektoratet. Det er lokale gartnarar som utfører arbeidet. Det blir både brukt plantevernmiddel og manuell fjerning av rynkerosa.