Fangststatistikk for laks og sjøaure i elvane Møre og Romsdal 2018

I 2018 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 23,5 tonn. Dette er ein nedgang på 38 % frå 2018. Surna hadde størst fangst av laks i fylket med totalt 4,8 tonn. Nåsvassdraget i Eide hadde størst sjøaurefangst med 620 kilo.

Tørr og varm sommar med låg vassføring og høg temperatur i dei fleste elvane er truleg hovudårsaka til nedgang i fangst. Låg vassføring førte også til at meir laks vart fiska i sjøen. Fangsten i sjølaksefisket auka frå 18,1 til 25,4 tonn frå 2017 til 2018.

Ein god fangststatistikk i kombinasjon med andre undersøkingar som videoovervaking av oppgang og telling av gytefisk på hausten, gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet med å sikre og styrke fiskebestandane for framtida m.a. ved å fastsette gode fiskereglar.

Fangst i vassdraga i 2018 (kilo)

Laks: I nokre vassdrag blir ein del av laksen gjenutsett. Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2018. I Rauma var det kun prøvefiske (all fisk gjenutsett).

Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1.

Surna, Surnadal:

4766 (3050/1716)

2.

Driva, Sunndal:

2777 (2763/14)

3.

Korsbrekkeelva, Stranda:

1483 (1473/10)

4.

Eira, Nesset:

1459 (1244/215)

5.

Bondalselva, Ørsta:

1412 (1412/0)

6.

Strandaelva, Stranda:

1297 (1295/2)

7.

Vikelva (Bjørke), Ørsta:

1042 (1042/0)

8.

Oselva, Molde:

1007 (1007/0)

9.

Rauma:

928 (0/928)

10.

Åheimselva, Vanylven:

808 (808/0)

 

Sjøaure:. Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av sjøaure i 2018. Tal i parentes viser kilo avliva sjøaure/kilo gjenutsettt sjøaure. I Driva var all sjøaure freda i 2018.

1.

Nåsvassdraget, Eide:

620 (462/158)

2.

Driva, Sunndal:

288 (4/284)

3.

Eira, Nesset:

257 (215/58)

4.

Vatneelva, Haram:

170 (154/16)

5.

Oselva, Molde:

133 (133/0)

6.

Litledalselva, Sunndal:

113 (113/0)

7.

Fetvassdraget, Sykkylven:

112 (112/0)

8.

Usma, Sunndal:

110 (110/0)

9.

Toåa, Surnadal:

106 (88/18)

10.

Surna, Surnadal:

98 (12/86)

     

 

Fangst i vassdraga i 2018 (tal fisk)

Laks: Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2018. Tala viser totalt tal laks, og tala i parentes tal avliva laks/tal utsett laks

1.

Surna, Surnadal:

967 (610/357)

2.

Driva, Sunndal:

658 (653/5)

3.

Oselva, Molde:

408 (408/0)

4.

Bondalselva, Ørsta:

405 (405/0)

5.

Korsbrekkeelva, Stranda:

388 (386/2)

6.

Eira, Nesset:

362 (299/63)

7.

Rauma:

353 (0/353)

8.

Moaelva, Fræna:

335 (329/6)

9.

Åheimselva, Vanylven:

330 (330/0)

10.

Strandaelva, Stranda:

311 (310/1)

 

Sjøaure:. Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av tal sjøaure i 2018. Tal i parentes viser tal avliva sjøaure/tal gjenutsettt sjøaure.

1.

Nåsvassdraget, Eide:

795 (515/280)

2.

Vatneelva, Haram:

303 (272/31)

3.

Driva, Sunndal:

170 (5/165)

4.

Fuglvågvassdraget, Smøla:

152 (100/52)

5.

Eira, Nesset:

137 (93/44)

6.

Hopenvassdraget, Smøla:

103 (67/36)

7.

Oselva, Molde:

96 (96/0)

8.

Vassgårdelva, Eide:

94 (43/51)

9.

Rauma:

91 (0/91)

10.

Hinnåvassdraget, Smøla:

91 (49/42)