Film av gyteklar pukkellaks i elva Driva

Ved feltarbeid dokumenterer fiskeforvaltar Leif Magnus Sættem gyting av pukkellaks i Driva. Slike opptak er tidlegare ikkje kjent frå vår del av landet. Filmscena utfyller dei mange presseoppslaga om den spesielle laksearten denne sommaren.

Opptaket som omtales som unikt vert stadfesta av Forskningssjef Kjetil Hindar ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) i en reportasje i avisa Dagens Næringsliv. Reportasjen tek utgangspunkt i den aktuelle hendinga, og i følgje NINA er dette den første filmen som tydeleg dokumenterer pukkellaks, hann og hunn ved si gytegrop så langt sør i Norge. Innfelt er óg eit filmklipp der ein ser hunnfisken graver i elvebotnen og førebur legging av si rogn. Hannfisken følgjer med like bak.

Det har kome mange meldingar om pukkellaks i vårt distrikt denne sommaren. Arten er ikkje totalt ukjend i våre område. Tidlegare er den påvist nordafor og sørover langs Norskekysten, då oftast sporadisk og ikkje i det omfang og tal så langt sør som vi no ser.

Den biologiske konsekvensen av denne invasjonen er vanskeleg å forutsi. Våre elveøkosystem er i dag fininnstilte evolusjonære produkt over tusenvis av år. Det blir interessant å sjå om desse etterkvart endrast og om fleire androme artar enn vår atlantiske laks og vår vandrande sjøaure finn fotfeste. Dette vil kunne få ulike effektar det er vel verdt å følgje med på i tida som kjem.

Film av pukkellaks i elva Driva

Hunn pukkellaks graver gytegrop i Driva