Klimamidlar til skogbruket godt motteke i Møre og Romsdal

Tettare planting og suppleringsplanting kan auke skogproduksjonen.
Tettare planting og suppleringsplanting kan auke skogproduksjonen. (Foto: Jørn Kjersem)

Skogen og skogbruket i fylket har ei sentral rolle i klimasamanheng. Skogen i Møre og Romsdal bind åleine nesten halvparten av alle utslepp frå alle sektorar i fylket. Auke i skogproduksjonen kan auke karbonbindinga.

Skogen – eit godt klimatiltak

Skogen i Møre og Romsdal har eit netto opptak av 1 251 620 tonn CO2-ekvivalenter (CO2, metan og lystgass), medan utslepp frå alle sektorar i fylket utgjer 2 590 920 tonn CO₂-ekvivalentar (2015 tal frå Miljødirektoratet). Skogen bind altså nesten halvparten av utsleppa i fylket.

Når produkta frå eit berekraftig norsk skogbruk erstattar olje, kol og betong, er skogen eit rimeleg og effektivt klimaverktøy.

Intensivering av skogproduksjonen

Klimaforliket i Stortinget førte til at regjeringa innførte nye tilskotsordningar for auka CO2 opptak i skog i 2016 gjennom eigne klimamidlar. Føremålet er å intensivere skogproduksjonen. Desse midlane vert nytta til tettare planting, gjødsling og planteforedling.

I Møre og Romsdal har ordninga med tilskot til tettare planting vore mykje nytta. Fleire planter på arealet gir auka produksjon  -  og dermed auka CO2 opptak. Fram til no har tilskotet i hovudsak gått til nyplanting. I år vart tilskotssatsane til suppleringsplanting auka, med bakgrunn i tørkeproblema på Austlandet i fjor. Vi hadde ikkje same problema med tørken på skogstrea, men har store utfordringar med snutebiller, hjort og konkurrerande vegetasjon. Difor er også denne ordninga populær i vårt fylke. 

I mange nyplantingar er gransnutebillen ein stort problem, fordi dei et opp borken på små planter. Foto: Odd Løset

I mange nyplantingar er gransnutebillen ein stort problem, fordi dei et opp borken på små planter. Foto: Odd Løset

God effekt av tettare planting

Forbruk av tilskot til tettare planting har auka frå 586 000 kr i 2016 til 901 000 kr i 2018. I fjor blei det planta rundt 1,1 mill. planter i Møre og Romsdal, og ca. 20 % av desse blei omfatta av tilskot til tettare planting.

Det utgjer om lag 1 000 da med planta areal. På god mark i vårt fylke vil eit slikt areal kunne binde 3300 tonn CO2 årleg. Det er om lag det same som klimagassutsleppet frå 1100 bilar med ei årleg køyrelengde på 20 000 km!

Skogareala i fylket har eit stort potensiale, og ei meir aktiv forvaltning kan bidra til auka opptak av klimagassar og ei auka verdiskaping.