Produksjonstilskot i jordbruket

Formålet med produksjonstilskot er "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp" (jf. Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1). Det er delmål for kvar ordning. Tilskotet blir utrekna med ein sats per dyr eller dekar areal. 

Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningene:

  • Tilskot for husdyr
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrraser
  • Tilskot for dyr på beite
  • Areal- og kulturlandskapstilskot
  • Tilskot til økologisk landbruk

Desse pristilskotsordningane blir handterte på samme måten som produksjonstilskot, og det blir søkt i samme søknaden: 

  • Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønnsaker og salat på friland
  • Distriktstilskot for matpotet dyrka i Nord-Norge

Denne velferdsordninga blir handtert på samme måten som produksjonstilskot, og det blir søkt i samme søknaden:

  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Avløysertilskotet blir berekna på grunnlag av dyretalet 1. januar året før, og føretaket må kunne dokumenterte utgifter til avløysing.

Snakk med din kommune, som behandlar og avgjer søknader om produksjonstilskot.

Merk at søknadsomgangen januar 2017 er den siste før nytt system og nye rutiner blir sette i drift frå 1. mai 2017.


22.08.2018

Vi inviterer kommunar til fagseminar

Tradisjon tru arrangerer Fylkesmannen også i år samling for kommunane om landbruksforvaltning, i 2018 er datoane 11.-12.september. Dette blir ei viktig samling for kommunane, både for nettverksbygging og fagleg påfyll.

06.07.2018

Masseoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret

Landbruksdirektoratet vil i haust starte automatisk oppdatering av alle jordbruksareal i Landbruksregisteret for alle kommunar. Landbruksregisteret er kontrollgrunnlag for arealbaserte søknader i jordbruket.

09.06.2017

Produksjonstilskot etter januaromgangen 2017 utbetalt

Hovedutbetalinga av produksjonstilskot etter søknadsomgangen i jauar 2017 skjer denne veka (første veka i juni). Søkjarane vil normalt ha pengane på sin konto innan fredag 9. juni.

09.05.2017

Nytt PT-system i god gjenge

2017 er året for omlegging av system og rutiner for søknad om produksjonstilskot i jordbruket. Mykje nytt å sette seg inn i, så gjer som så mange andre - søk i god tid. Fristen 15. mai er endeleg.

05.04.2017

Produksjonstilskot 2017 - nytt system

Frå mai 2017 blir det innført nytt system for søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid i jordbruket. Det blir nye fristar og heilt nytt system for søknad og behandling av søknader - ein omgang med to søknads-/registreringstidspunkt og ei utbetaling.

28.03.2017

Stor oppslutning om kurs

Kommunane møtte mannjamnt opp på kurs om nytt system for produksjonstilskot. Landbruksforvaltninga over heile landet førebur seg i desse dagar på at bønder og forvaltning skal ta i bruk heilt nytt system for søknad og behandling av produksjonstilskot.

01.02.2017

Produksjonstilskotet blir utbetalt

Det er tilskot etter søknader frå august 2016 som blir utbetalt til om lag 40.000 jordbruksføretak over heile landet innan fredag 3. februar 2017.

29.12.2016

Søk produksjonstilskot og avløysartilskot frå 1. januar 2017

1. januar 2017 blir det opna for å sende inn søknad om produksjons- og avløysartilskot. Registreringsdatoen er 1. januar og søknadsfristen 20. januar 2017.

08.09.2016

Nytt system for produksjonstilskot i 2017

I mai 2017 skjer det endringar i korleis føretaka søkjer produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Det blir heilt nytt system, nye fristar, nye teljedatoar, nye rutinar, m.m. Føl med!

29.07.2016

No er det tid for å søkje produksjonstilskot

31.07.2016 blir det opna for å søkje produksjonstilskot. Det er ein fordel om du søkjer via internett. Informasjon om korleis kan du finne her. Frist er 20. 08.2016.

Fleire nyhende