Fylkesmannen i møte med nye Ålesund kommune

Vebjørn Krogseter, Lodve Solholm, Rigmor Brøste, Helge Veum, Turid Hanken, Anne Bente Skjellum, Oddvar Myklebust, Bente Vikhagen, Lars Fylling, Synnøve Synnes, Dag Olav Tennfjord, Eva Vinje Aurdal, Liv Stette, Astrid Eidsvik, Ole Kristian Arntsen og Knut Helge Harstad

Fylkesmannen inviterte seg til møte med nye Ålesund kommune, 12. sept. 2018, for å få ei oppdatering på status i arbeidet med samanslåinga av kommunane Sandøy, Haram, Ørskog, Skodje og Ålesund.

Nye Ålesund kommune er den største kommunesamanslåinga i Møre og Romsdal. Fylkesmannen fekk eit innblikk i korleis prosjektleiinga og fellesnemnda no riggar seg til å bli ein operativ kommune frå 1. jan. 2020, sjå vedlegg.

Overordna administrativ organisering er vedteke, og tilsetting er på gang. Prosjektleiinga legg stor vekt på samordning på tvers og samhandling for å kunne løyse alle oppgåver i den nye kommunen. Det vises til ivrige tilsette som har lyst til å kome i gang med den nye kommune – og godt samarbeid med dei tillitsvalde.

Både prosjektleiinga og fellesnemnda er opptekne av at dei skal bygge ein heilt ny kommune – og at innovasjon og nyskaping må ha fokus. Det viser også alle aktivitetane som er på gang i regi av den nye kommunen at dei har fokus på utvikling, innovasjon og forsking.

Erfaringsbasert læring og kompetansebygging blir eit viktig område framover både for dei tilsette og politikarane i nye Ålesund kommune.