Historisk felles kommunestyremøte for Eide og Fræna

Kommunestyra i Eide og Fræna var i dag 28. juni samla på Vonheim i Malmefjorden til eit historisk felles kommunestyremøte i det som skal bli Hustadvika kommune.

Fylkesmannen gratulerer kommunane Eide og Fræna med samanslåingsvedtaket i Stortinget 8. juni. 2017, der Stortinget fatta vedtak om endringar i kommunestrukturen - Prop. 96 S (2016-2017), Innst. 386 S (2016-2017).

Her er nokre bilete frå det historiske felles kommunstyremøtet.