Grensejusteringar i samband med kommunereformen

Fylkesmannen er av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, bedt om å utgreie søknadar om grensejusteringar som involverar kommunane Norddal, Gjemnes, Sandøy, Stranda, Molde og Aukra, samt nye Fjord kommune.

I samband med dette sender vi ut infoskriv om grensejusteringar til dei aktuelle kommunane.

Søknadane som skal behandlast:

  • Norddal og Eidsdal i Norddal kommune – søker seg til Stranda kommune
  • Indre Gjemnes i Gjemnes kommune – søker seg til Nye Molde kommune
  • Ona, Orta og Sandøy i Sandøy kommune – søker seg til Aukra kommune 
  • KMD ber i tillegg Fylkesmannen utgreie Liabygda i Stranda kommune – om evt. ei grensejustering til Nye Fjord kommune

Vi har i tillegg motteke søknad datert 25.09. 2017 frå innbyggarar i Bjørke/Viddal i Ørsta kommune som ynskjer grensejustering til Nye Volda kommune. Vi finn det difor tenleg at søkar frå Bjørke/Viddal og involverte kommunar også mottek dette infoskrivet.  

INFO-skrivet er det spesielt fokus på saksgang ved utgreiing av grensejustering:

  1. Litt om initiativrett, søknad, oversending av søknad og fullmakt til å gjere vedtak
  2. Oppdrag om utgreiing av grensejustering
    • Innhenting av faktagrunnlag
    • Fylkesmannen si tilråding
    • Dialog med søker og aktuelle kommunar
    • Supplering av faktagrunnlag
    • Innbyggarhøyring
    • Uttale frå involverte kommunar