Siste møte i Tenketanken

I dag har Fylkesmannen fått gode innspel til sluttarbeidet med tilrådinga i høve ny kommunestruktur i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen har i dag hatt sitt siste møte i Tenketanken (referansegruppe for kommunereforma).

Representantar frå politisk og administrativ leiing i regionråda, KS, Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Molde, Kristiansund kommune, NHO og LO ga Fylkesmannen gode innspel til sluttarbeidet med tilrådinga om framtidig kommunestruktur i Møre og Romsdal.