Økonomiske gulrøtter i kommunereforma

Regjeringa har økonomiske virkemidlar for kommunar som ønskjer å slå seg saman i kommunereforma.

Regjeringa har utforma dei økonomiske virkemidlane slik at det på førehand vil vere lett og oversikteleg å vite kva for tilskott utløysast, og storleiken på dei.

1. Dekning av eingangskostnadar

Samanslåingar av kommunar er ressurskrevjande i form av prosessar som må til for å lage ein ny kommune, og ikkje minst når det kjem til nye system innanfor ei rekkje område for å få ein ny kommune til å fungere. På bakgrunn av erfaringar frå tidlegare kommunesamanslåingar, har regjeringa laga følgjande modell for dekning av eingangskostnadar i reformperioden:

2. Reformstøtte

Regjeringa ønskjer å støtte den nye og større kommunar med økonomiske bidrag. Reformstøtta er eit pengebeløp som den nye kommunen fritt kan nytte etter eiget ønskje. Kommunar som slår seg saman i kommunereform vil automatisk få utløyst dette tilskottet. Modellen for reformstøtta er som følgjer:

3. Inndelingstilskottet

Inndelingstilskottet vil halde fram slik det har vore dei siste åra. Det vil seie at den nye kommunen får tilskott som om den framleis var to (eller fleire) kommunar i 15 år etter samanslåinga, før inndelingstilskottet blir trappa ned over fem år. Departementet vil vidareføre denne ordninga, men varslar at ordninga blir stramma inn etter at reformperioden er over.

Inndelingstilskottet består av basistilskott og eventuelle distriktstilskott som kommunane har før samanslåinga. Basistilskottet utgjer 12,3 millionar kroner for kvar kommune i 2014. Kva for distriktstilskott kommunane har, kan vere forskjellig. Den nye kommunen vil få det eller dei tilskott(a) sjølv om den nye kommunen ikkje vil kvalifisere for dei.

Døme på berekning av inndelingstilskott:

Kommune A har 14 000 innbyggarar og kvalifiserer ikkje til distriktstilskott.

Kommune B har 2 500 innbyggarar og får 5,3 millionar kroner i småkommunetilskott.

Den nye kommunen vil få 16 500 innbyggarar, og kvalifiserer ikkje til inndelingstilskott.

Utrekning

Basistilskott: 12,3 millionar kroner

Småkommunetilskott: 5,3 millionar kroner

= 17,6 millionar kroner i inndelingstilskott

I tillegg vil denne hypotetiske nye kommunen få 20 millionar kroner i støtte til eingangskostnadar og 20 millionar kroner i reformstøtte, totalt 57,6 millionar kroner.