Nytt verktøy for innbyggarhøyring - spørreskjema

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ein rettleiar for spørreskjema for høyring av innbyggarane ved kommunesamanslåing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.03.2015

Rettleiaren tar for seg kva for føremål innbyggarhøyringa kan tene, målgruppe og utval, metode, spørreskjema, rapportering og gjennomføring.

Spørsmåla i innbyggarhøyringa avdekkar mellom anna innbyggarane sitt syn på kommunesamanslåing og aktuelle samanslutningsalternativ, kva som er viktig for innbyggarane ved kommunesamanslåing, med meir.

I tillegg er det rom for å legge til lokalt tilpassa spørsmål.

Rettleiaren om spørreskjema er lagt til i verktøykassa for kommunereforma.