Historisk dag på Romsdalsmuseet

Statsråd Jan Tore Sanner og fylkesmann Lodve Solholm markerte idag oppstarten for 3 nye kommunar i Møre og Romsdal i historiske omgjevnader på Romsdalsmuseet.

Dei tre nye kommunane er:

  • Nye Ålesund kommune (Sandøy, Skodje og Ålesund).
  • Nye Eide og Fræna kommune (Eide og Fræna)
  • Nye Molde kommune (Midsund, Nesset og Molde)

Statsråden og fylkesmannen gratulerte dei nye kommunane, og ordførarane ga si tilslutning til at dei no var igang. Fylkesmannen overrakte ein million kroner til kvar av dei  nye kommunane. Desse midlane skal kommunane nytte til ei prosjektstilling i høve det vidare arbeidet med sammenslåinga. Denne millionen kjem i tillegg til dei øvrige statelege midlane som kommunane får i høve reforma.

Statsråden ovverrakte blomster og ønska dei nye kommunane lykke til med prosessen vidare.