- Kommunane gjer ein fabealktig innsats

Fylkesmannen arrangerte fredag 29. januar den siste kontaktpersonsamlinga for kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2016

Deltakarar var ordførarar, rådmenn og tillitsvalde frå dei 36 kommunane i Møre og Romsdal.

Kommunane har arbeidd med kommunereforma siden sommaren 2014. No er det «fase 3» og innspurt på arbeidet som skal resultere i eit vedtak innan 1. juli 2016.

Det pågår intensive forhandlingar og diskusjonar. Det er tøffe tak for kommunane akkurat no for å kome i hamn med å byggje nye kommunar. Men 36 kommuner i møre og romsdal gjer jobben sin.

- Kommunane gjer ein fabelaktig innsats, seier ass. Fylkesmann Rigmor Brøste.

Sjå videoen og høyr korleis kommunane ligg an i reformarbeidet.