Kommentar til ureviderte rekneskapstal for kommunane i Møre og Romsdal for 2018

Kommentar til ureviderte rekneskapstal for kommunane i Møre og Romsdal for 2018

Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekt (1)

  • Møre og Romsdal viser ein nedgang i frå 3,3 % i 2017 til 1,2 % i 2018
  • Justert for Aukra kommune er driftsresultat i 2018,  0,77  %. Dette er ein markant nedgang i frå 2017
  • For landet utan Oslo er det ein reduksjon frå 3,7 % i 2017 til 2,1% i 2018 

 

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekt (2)

  • Dei ureviderte tala viser at driftsresultata til kommunane er svakare enn i 2017.
  • Lånegjelda går ned frå 103,1 % i 2017 til 99 % i 2018*
  • For landet utan Oslo ser ein same trenden. Landet utan Oslo reduserer lånegjeld i frå 84 % i 2017 til 78,5 % i 2018.  Tala viser at kommunane i 2018 har mindre gjeld enn i 2017.

 

Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekt (3)

  • Disposisjonsfonda for kommunane i fylket viser ei betring i frå 2017 med 6,5 % i 2017 til 7,3 % i 2018.
  • Justert for Aukra kommune viser tala ein liten oppgang frå 2017.
  • Landet utan Oslo viser ein nedgang frå 9,9 % til 9,5 %.

 

Oppsummert

  • Ureviderte tal viser at 10 av kommunane i fylket har eit driftsresultat som er betre enn anbefalinga frå teknisk berekningsutval (TBU) på 1,75 %. 20 av kommunane har driftsresultat som er positive, inklusive 2 av dei store bykommunane.
  • 15 av kommunane har eit negativt driftsresultat og ei gjeld over 100 % av driftsinntektene. 3 av kommunane i fylke har ikkje midlar på disposisjonsfond, og 4 kommunar har disposisjonsfond lågare enn 1 % av brutto driftsinntekter.   

Sjølv om 20 av kommunane har levert positivt driftsresultat er nivået lågt. Det at heile 15 av kommunane har levert negative resultat vitnar om ein krevjande økonomisk kvardag for kommunane. Basert på dei ureviderte tala tilrår Fylkesmannen at kommunane framover sørger for at nivået på drifta blir berekraftig over tid, og i tråd med anbefalingane frå TBU. Det er positivt at gjelda er på veg ned, dette vil hjelpe kommunane i å nå minimumskrava til nedbetaling av gjeld. Det er også positivt at kommunane held nivået på disposisjonsfonda. Kommunane bør samstundes syte før å bygge opp disposisjonsfonda i tråd med anbefalinga på 5-10 %.  

*Ein av bykommunane har negativt driftsresultat.