Fylkesvis skjønnsramme 2018 - siste fordeling

Møre og Romsdal har for 2018 fått 79,7 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til fordeling i budsjettåret. Vi har tidlegare fordelt 55,710 millionar kroner. Her følger fordelinga av dei resterande 23,990 millionar kronene.

Fordelinga på kommunenivå ligg vedlagt, med følgande forklaring:

Spesielle saker

Her har vi kompensert både enkeltsaker og meir generelle utfordringar. Av spesielle enkeltsaker har vi kompensert:

  • 1502 Molde; 500 000 kr til planstrategi ny kommune. 
  • 1504 Ålesund; 950 000 kr for «Teknologidreven samfunnsutvikling» og 1 000 000 kr   for planstrategi ny kommune. 
  • 1505 Kristiansund; 200 000 kr for arbeid med helseplattforma. 
  • 1516 Ulstein; 300 000 kr for ny modell for desentralisert kompetanseutvikling i barnehage og skole.
  • 1519 Volda; 5000 000 kr til planstrategi ny kommune.
  • 1524 Norddal; 50 000 kr til beredskap og 500 000 kr til digitalisering og samfunnsplanlegging.
  • 1525 Stranda; 500 000 kr til forprosjekt kloakkutslepp Stranda, 600 000 kr til «Møre og Romsdal 2025» (for årene 2019, 2020 og 2021), samt 500 000 kr til stilling for felles interkommunal planprosess for nasjonal turistveg (frå Åndalsnes til Grotli). 
  • 1528 Sykkylven; 400 000 kr for ny modell for desentralisert kompetanseutvikling i barnehage og skole.
  • 1539 Rauma; 8 000 000 kr til beredskap Mannen. Midlane er øyremerka. 
  • 1548 Fræna;  300 000 kr for ny modell for desentralisert kompetanseutvikling i barnehage og skole og 500 000 kr til planstrategi ny kommune.
  • 1563 Sunndal: har fått 3 000 000 kr til felles plannettverk på Nordmøre for 2019, 2020 og 2021.
  • 1566 Surnadal; 400 000 kr for ny modell for desentralisert kompetanseutvikling i barnehage og skole.

Generell vurdering

Her har vi fordelt ein sum ut i frå ei totalvurdering av kommunen sin økonomi. *Kristiansund har fått utbetalt 500 000 kroner tidlegare. 

Forpliktande plan

Vi held tilbake skjønn til kommunane i Robek som er knytt opp til forpliktande plan. Utbetaling av tilbakehaldne midlar krev at kommunen (1) utarbeider og gjennomfører forpliktande plan, (2) held balansen i budsjettet og (3) dekker inn underskot etter planen. Vi har vurdert og konkludert at det er fire kommunar som har oppfylt krava og får utbetalt tilbakehaldt skjønn. Dei fire kommunane er Ålesund, Sande, Stranda og Giske.

Midlane vert utbetalt i termin 10 i november.