Fordeling av ekstra skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal i samband med koronapandemien

I samband med utbrotet av koronaviruset har Stortinget vedteke å auke skjønnsramma til kommunane i landet med 400 millionar kroner.

Fylkesmannen har fordelt dei ekstra skjønnsmidlane til kommunane i Møre og Romsdal i samband med koronapandemien. For kommunane i Møre og Romsdal utgjer dette 19 766 000 kroner. Dei ekstra skjønnsmidlane skal gå til kommunar som har hatt meirutgifter i samband med pandemien og formålet er å dekke uforutsette hendingar i kommunane. Fylkesmannen har valt å fordele midlane etter folketal.

Midlane blir utbetalt gjennom rammetilskotet i mai.

Kontaktpersonar