Revidert nasjonalbudsjett 2017 og kommuneproposisjonen 2018

Det er ikkje store endringar i dei økonomiske rammeføresetnadane for kommunesektoren i revidert nasjonalbudsjett 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.05.2017

Revidert nasjonalbudsjett 2017

 

Realveksten i kommunesektoren, det vil seie både for kommunar og fylkeskommunar, sine samla inntekter i revidert nasjonalbudsjett er anslått til 2,3 mrd. kroner. Dette tilsvara ein vekst på 0,5 prosent. Det blir anslått ein realnedgang i kommunesektoren sine inntekter på 1,5 mrd. kroner, eller - 0,4 prosent. Desse tala må sjåast i lys av at veksten i kommunesektoren sine inntekter i 2016 var særleg høg. Det er godt kjent at tilpassingar i samband med ny skattereform ga ekstraordinert høge skatteinntekter i 2016, men desse gjorde seg gjeldande berre for dette året.

Lønsveksten blir justert ned frå 2,7 prosent til 2,4 prosent, noko som inneber at den kommunale deflatoren blir justert ned frå 2,5 prosent til 2,3 prosent. I seg sjølv tilsvara dette ei innsparing i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 900 mill. kroner, og når vi ser vekk frå fylkeskommunane, 700 mill. kroner i innsparingar for kommunane.

Lågare lønsvekst medfører lågare skatteinntekter. I revidert nasjonalbudsjett er anslaget på skatteinngangen i kommunesektoren justert ned med 850 mill. kroner, av dette blir vel 160 mill. kroner (for kommunane: 132 mill. kroner) kompensert over rammetilskotet i samband med enkelte endringar i skatte- og avgiftsreglane.

Øyremerka tilskot i 2017 er justert ned med om lag 60 mill. kroner.

 

Tilleggsløyvingar og omprioriteringar

Investeringstilskot til etablering av heildøgns omsorgsplassar. Regjeringa føreslår å auke løyvinga over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet med 107,6 mill. kroner i 2017. Forslaget til løyving inneber ei auke i tilsegnsramma i 2017 med 2,152 mrd. kroner. Dette skal gi rom for eit tilskot til om lag 1300 heildøgns omsorgsplassar.

Tilskot til fleire barnehagelærarar. I statsbudsjettet for 2017 er det løyva 172,2 mill. kroner til fleire barnehagelærarar. Desse midlane ønsker regjeringa nytta til å auke krava til kompetanse i barnehagane ved skjerpa krav i forskrift om pedagogisk bemanning.

Barnehagane blir i dag i all hovudsak finansiert gjennom kommuneramma. For å sikre ei einskapleg finansiering føreslår regjeringa at det øyremerka tilskotet til fleire barnehagelærarar blir overført til kommuneramma for å skjerpa krav i pedagognorma allereie inneverande år. Barnehageløyvinga er føreslått innlemma i innbyggartilskotet.

 

Kommuneproposisjonen 2018

 

For kommunane blir det lagt opp til ein vekst i frie inntekter på mellom 3,5 – 4 mrd. kroner, noko som tilsvara ein realvekst i frie inntekter på mellom 1,1 prosent og 1,2 prosent. Veksten i samla inntekter vil kunne vere oppimot ytterlegare ein milliard kroner.

Grunngjevingar for delar av veksten i frie inntekter:

2,2 mrd. kroner til auka kostnader som skuldast demografisk endringar.

350 mill. kroner i forventa auka pensjonskostnader. Basert på anslått premieavvik i 2017, som det er knyta betydeleg usikkerheit ved, vil amortiseringskostnadane auke med om lag 350 mill. kroner.

300 mill. kroner til vidare satsing på rustiltak, jf. opptrappingsplanen for rusfeltet.

200 mill. kroner til satsing på tidleg innsats i skule og barnehage.

200 mill. kroner til førebyggjande tiltak mot barn, unge, og familiar.

 

Selskapsskatt

Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen for 2016 at kommunane ville få tilbakeført ein del av selskapsskatten frå og med 2017. I kommuneproposisjonen for 2017 vart tilbakeføringa av selskapsskatten utsett, og det blei varsla at departementet ville kome tilbake til saka i kommuneproposisjonen for 2018. Dette blir no utsett på nytt.

Grunngjevinga frå regjeringa er at for kommunar med et konjunkturutsett næringsliv vil tilbakeføring av selskapsskatten i ein situasjon som fortsett er prega av stor omstilling i næringslivet, kunne medføre auka usikkerheit på inntektssida. Regjeringa vil derfor ikkje fremje forslag om å innføre tilbakeføring av selskapsskatten for 2018, men kjem tilbake til dette på eit seinare tidspunkt.

 

Skjønstilskot 2018

Skjønsramma for kommunane er i 2018 satt til 1,36 mrd. kroner, noko som inneber ei nedjustering med 411 mill. kroner samanlikna med 2017. Dette har sin bakgrunn i; 1) ordninga med kompensasjon til kommunar som skal slå seg saman, og som midlertidig tapar innanfor basistilskot og småkommunetillegg , blir overført til tabell C i 2018, og 2) tilskot til infrastrukturtiltak i kommunar som skal slå seg saman blir ikkje vidareført.

Basisramma til kommunane blir satt til 1,1 mrd. kroner, reduksjonen på 91 mill. kroner blir overført til innbyggartilskotet. Ei overføring til innbyggartilskotet skal sikre ei fordeling etter faste kriterium framfor skjøn, og skal vere ein del av ei gradvis utjamning av forskjellane i basisramma mellom fylka.

Til saman 260 mill. kroner av skjønstilskotet til kommunane blir haldt tilbake til departementet sin reservepott og prosjektskjøn. Innanfor prosjektskjønramma er det sett av 100 mill. kroner i 2018 (25 mill. kroner i 2017) til ei KS-administrert ordning for finansiering av IKT-prosjektet i kommunal sektor. Det er ein føresetnad for ordninga at òg kommunane bidreg med eigne midlar.

Kontaktpersonar