Revidert nasjonalbudsjett 2015

Regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett for 2015 med melding om styrking av kommuneøkonomien med 1,1 milliardar kroner med meir.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2015

Det har vore visse endringar som påverkar kommuneøkonomien i høve til grunnlaget i statsbudsjettet frå hausten 2014. To viktige endringar er nedgang i skatteinntektene og nedgang i lønnsveksten. Regjeringa føreslår følgjande ovanfor Stortinget:

Styrking av kommuneøkonomien

Regjeringa fremmer forslag om å styrke kommuneøkonomien med 1,1 milliardar kroner. Om lag 80 pst av dette går til primærkommunane. Berekna kommunevis fordeling av styrkinga på 1,1 milliard kronene er på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine nettsider.

Av dette er 400 millionar kroner ein kompensasjon for lågare skatteinntekter frå uførereformen enn tidlegare utrekna. Aukinga på 907,8 millionar kroner til primærkommunane, er 853 millionar kroner fordelt etter kommunane sin del av skatteinntektene (inkl. inntektsutjamning) i 2014. Resterande 54,8 milliardar kroner blir fordelt til kommunar som kom dårlegare ut som følgje av endringane i skattlegginga av uføre.

Kompensasjon til Rauma og Stranda kommunar

Rauma og Stranda kommunar får utbetalt 10 millionar kroner kvar for å dekke historiske kostnadar knytt til etableringa av fjellskredovervaking gjennom Åknes Tafjord Beredskapssenter IKS, som staten ved NVE tok over frå 1. januar i år.

Skjønnsmidlar knytt til differensiert arbeidsgivaravgift

Regjeringa føreslår å gi 7 millionar kronar i skjønnsmidlar til dei kommunane i Møre og Romsdal som opplevde stor nedgang i tildelinga frå eitt år til det andre, etter merknad frå Stortinget ved handsaminga av statsbudsjettet før jul. Fylkesmannen skal fordele skjønnsmidlane.

Gratis kjernetid i barnehage

Frå 1. august skal det innførast gratis kjernetid i barnehagen for alle 4- og 5-åringar i familiar med inntekt under ei grense fastsatt av Stortinget. Kjernetida tilsvarar 20 timer i veka. Regjeringa føreslår at inntektsgrensa blir satt til 405 000 kr i året. Kommunane får 51 millionar kroner til dette i år.

Foreldrebetaling i barnehagar

Kommunane får 41,7 millionar kroner til å dekke administrative utgifter knytt til innføringa av nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling i barnehage sidan den nye ordninga trer i kraft under vegs i eit barnehageår.

Justering av deflator

Lønnsveksten er justert ned frå 3,3 pst til 3,2 pst. Følgeleg er deflatoren justert til 3,2 pst. I kroner utgjer det om lag 300 millionar kroner i reduserte utgifter for kommunane.

 

Statsbudsjettet 2015

Revidert nasjonalbudsjett 2015

Deflator

3,0 pst

2,9 pst

Lønsvekst

3,3 pst

3,2 pst

 Lønsdelen utgjer om lag 2/3 av vekta i deflatoren.