Symjeopplæring i barnehagen

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan no søkje Fylkesmannen om tilskot for 2019.

Tilskot

Fylkesmannen i Vestland lyser med dette ut tilskotsmidlar for symjeopplæring til barn i barnehagar. Vi har fått tildelt kr. 7 470 000 som skal nyttast til formålet. Det kan søkast om inntil kr. 1 850 per barn. Ein kan søkje om tilskot for eitt kalenderår om gongen.

Mål for opplæringa

Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Vilkår for tilskot

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid, og skal i hovudsak skje i basseng. Midlane kan også brukast til å dekke transportutgifter til og frå symjehall.

Organisering

Tilskotsmottakarane vel korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Kommunar og frivillige organisasjonar må sjølve dekkje kostnader ut over tilskotet.

Søknad om tilskot

Kommunar og barnehagar vert oppmoda om å samarbeide internt og å sende felles søknad til Fylkesmannen. Organisasjonar søkjer direkte til Fylkesmannen. Søknadane blir behandla fortløpande. Søknadsfrist er 26 april 2019.

Søknadsskjemaet finn de her.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2019 rapportere til Fylkesmannen om bruk av midlane. Rapporteringsskjema, vert lagt på Fylkesmannens heimeside.

Søknadsfrist:
26.04.2019 16:00:00
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Haldis Liv Håpoldøy
Kven kan søkje:
Kommunar og frivillige organisasjonar
Rapporteringsfrist:
01.12.2019 23:55:00

Kontaktpersonar