Samfunnstryggleik i planarbeid

Noko av tilgjengeleg rettleiingsmateriale for samfunnstryggleik i plan
Noko av tilgjengeleg rettleiingsmateriale for samfunnstryggleik i plan

Samfunnstryggleik i plan handlar om å sikre liv, helse, miljø og verdiar - ei trygg samfunnsutvikling. Samfunnstryggleik er eit tema på tvers av dei fleste fagområde, og det omfattar både fareforhold frå naturen si side og dei menneskeskapte. Flaum, skred, ekstremvèr, klimatilpassing, storulukkeverksemder, farlege stoff, framkomst og tilstrekkeleg med sløkkevatn for naudetatane er døme på relevante vurderingar knytt til samfunnstryggleik i plan.

Det er fleire myndigheitsorgan med fagansvar, rettleiingsoppgåver og motsegnsmynde knytt til samfunnstryggleik i plan. Her finn du overordna informasjon, og lenker til aktuelt rettleiingsmateriale og oversikt over sentrale myndigheiter.

Kommunane har eit overordna ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i sitt geografiske område etter sivilbeskyttelseslova. Lova stiller mellom anna krav til at kommunen skal arbeide heilskapleg og systematisk med samfunnstryggleik og beredskap, og gjennomføre ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som viser kva uønskte hendingar som kan inntreffe og korleis det kan påverke kommunen. Med utgangspunkt i den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen skal kommunen utarbeide ein overordna beredskapsplan, mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet.

Kommunen har òg krav etter fleire lovverk om å utarbeide eigne ROS-analysar og beredskapsplanar i dei ulike sektorane i kommunen som til dømes helse, brann og vassforsyning. Den overordna beredskapsplanen skal samordne og integrere desse andre beredskaplanane i kommunen.

Med utgangspunkt i heilskapleg ROS-analyse skal kommunen vurdere kva forhold som bør følgast opp i planar etter plan- og bygningslova. Kommunen er planmynde, og har ansvar for at det blir utarbeida risiko- og sårbarheitanalysar til kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar slik det er krav om i §4-3 i plan- og bygningslova . 

I kommuneplanens arealdel skal potensiell fare avklarast, og krav om utgreiing i vidare planprosess skal følgast opp med omsynssoner i plankart og føresegner. ROS-analysen til kommuneplanens arealdel er eit godt verktøy for å styre utbygging til trygge område, og bør difor utarbeidast tidleg i planprosessen. For reguleringsplan er det eit større krav til detaljering, reell fare skal avklarast og følgjast opp tilsvarande i plankart og føresegner. Vanlege krav til oppfølging i byggesak er til dømes sikringstiltak og rekkefølgjekrav, minimum byggjehøgde eller avstand frå vassdrag, og føringar for å sikre tilstrekkeleg god handtering overvatn.

Kommunen har ansvar for å sikre at det er gjort gode nok utgreiingar og vurderingar av samfunnstryggleik og beredskap. Byggteknisk forskrift (TEK17) set konkrete krav knytt til flaum og skred, men for fareforhold som ikkje er regulert i forskrifta skal kommunen ta stilling til kva sannsyns-, konsekvenskategoriar og akseptkriterium som skal leggast til grunn for ROS-analysar.

Dokumentasjon og etterprøvbarheit er viktige stikkord for kvalitet på ROS-analysar. Det må kome tydeleg fram kva kunnskap og kriterier som ligg til grunn for vurderingane som er gjort, og det må vere forståeleg for både innbyggjarar, politikarar og myndigheiter. Tilstrekkeleg omtale av vurderingane er viktig for å gjere ROS-analysar etterprøvbar. Referansar som t.d. til fagkyndige som har blitt konsultert eller rapportar som har blitt utarbeida må kome tydeleg fram. Det er òg viktig at fareforhold som er vurdert til å vere uaktuelle blir tilstrekkeleg omtalt med referansar som t.d. aktsemdskart for naturfare.

Kommunen både kan og bør gjennomføre kartlegging av naturfare i eigen regi for å dokumentere relevante forhold i planområdet, og vurdere behov for fagkyndig kompetanse. NVE har utarbeida rettleiingsmateriale og rapportmalar, sjå lenke til dokument med oversikt over rettleiingsmateriale som ligg ved artikkelen. Blant lenkene finn du òg ei oversikt over sentrale myndigheiter med fag- og rettleiingsansvar for samfunnstryggleik og beredskap.