Roller, ansvar og medverknad

Planlegginga etter plan- og bygningslova skal medverke til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver, og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av areal og ressursar. Samordninga inneber at ulike omsyn, interesser, næringar og sektorar skal sjåast i samanheng og vegast opp mot kvarandre, og skal sikre ei heilskapleg planlegging til beste for miljø og samfunn.

Plankompetanse på tre nivå


Planlegginga skjer gjennom at det vert fatta vedtak på tre nivå:

  • På statleg nivå vert nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging vedteke. Staten kan også vedta statlege planretningslinjer og planbestemmelsar.
  • På regionalt nivå skal det utarbeidast regionale planar og regional planbestemmelse.
  • På kommunalt nivå skal det utarbeidast kommuneplanar og reguleringsplanar.

Medverknad i planlegginga

 
Alle offentlege organ har rett og plikt til å delta i planlegginga når ein plan verkar inn på deira saksfelt, og skal gje kommunen informasjon og innspel som skal leggjest til grunn for planlegging (jf. pbl. § 3-2). Dette er ei form for samarbeid og samordning som skal sikre at dei ulike omsyna og interessene som gjer seg gjeldande i planarbeidet kjem fram og vert vegne mot kvarandre i planprosessen.
 
Planforum er ein viktig møtestad for å sikre medverknad og samordning mellom kommunane og fagorgana på regionalt nivå. Fylkesmannen ser det som viktig at alle kommunane brukar planforum til å drøfte plansaker, ikkje minst i samband med revisjon av kommuneplanen. Les meir om planforum under tema "Regionalt nivå".