Kommunane

Formålet med den kommunale planlegginga er m.a. å ivareta kommunen sine eigne mål og utviklingsstrategiar. Planlegginga skal vere i tråd med viktige nasjonale og regionale mål, rammer og retningslinjer. Kommunen skal vidare syte for at det ligg føre eit tilstrekkjeleg avgjerdsgrunnlag før vedtak, dvs. at saka er godt opplyst.  

Kommunane skal sikre eit oppdatert plangrunnlag ved å gå gjennom eldre reguleringsplanar som skal vidareførast uendra ved revisjon av kommuneplanen. Det er også eit generelt krav at kommunane skal kontrollere at reguleringsplanar eldre enn ti år i nødvendig grad er oppdaterte.

Kommunen sitt ansvar for samråd og medverknad

Kommunen si informasjonsplikt og initiativ til medverknad tidleg i planprosessen er særleg vektlagt i kapittel 5 i plan- og bygningslova, "Medvirkning i planleggingen".

Det er laga rettleiing om "enkeltbestemmelsene for medvirkning i planlegging etter plan- og bygningsloven".

Korleis aktiv medverknad skal sikrast bør fastsetjast tidlig i planprosessen. For dei plantypane som krev utarbeiding av planprogram, jf. pbl. § 4–2, skal opplegget for medverknad fastsetjast i planprogrammet. 

Rettleiar om medverknad i planlegging

Krav om gjennomgang og eventuell oppdatering av reguleringsplanar

Plan- og bygningslova § 11-8 tredje ledd bokstav f opnar for at gjeldande reguleringsplanar kan vidareførast uendra i nye kommuneplanar. Det er eit lovkrav at kommunen går gjennom dei eldre planane, og vurderer om innhaldet er i samsvar med nasjonale og regionale interesser før dei ev. blir vidareført.

For bygge- og anleggstiltak som er heimla i plan fremma med bakgrunn i privat reguleringsplanforslag etter § 12-11, og ikkje sett i gang seinast ti år etter at planen er vedteken, skal kommunen før avgjerd av byggesøknad for nye utbyggingsområde etter planen, sjå etter at planen i nødvendig grad er oppdatert.

Utgangspunktet – den sist vedtekne planen gjeld

Rangordninga mellom ulike planar går fram av plan- og bygningslova § 1-5 andre ledd. Etter denne føresegna går ny plan alltid føre eldre arealplanar dersom det er motstrid. Det same gjeld for nye statlege eller regionale planføresegner.

Det er ikkje motstrid dersom kommuneplanen til dømes viser hovudføremålet «bebyggelse og anlegg», jf. plan- og bygningslova § 11-7 nr. 1 (1001), og den eldre reguleringsplanen for same areal, viser eitt eller fleire underføremål under same hovudføremål. Eksisterande grønstruktur i detaljplanane blir heller ikkje sett til side av byggjeføremålet i ny kommuneplan i slike tilfelle, så lenge det er tale om uteopphaldsareal, friområde og liknande fellesanlegg i utbygde strøk. [kjelde: spm/svar til § 1-5]

Dersom arealbruken innan for eit avgrensa område består av mange reguleringsplanar, eller på annan måte er samansett, kan føremålet «kombinert bebyggelse og anlegg» (1800) også nyttast i kommuneplanen. Døme på dette kan vere større skianlegg med tilhøyrande område, som gjerne kan vere ei blanding av både idrettsanlegg (1400), næring (1300) og hyttefelt (1120). Ved bruk av kode 1800 i kommuneplanen er det eit krav at arealbruken vert utdjupa tekstleg, jf. nasjonal produktspesifikasjon for plankart, del 1 pkt. 1.5.4.

I begge døma ovanfor gjeld kommuneplanen og dei underliggjande reguleringsplanane side om side. Kommuneplanen utfyller då dei eldre reguleringsplanane på tema der desse ikkje har føresegner. Kommuneplanen går elles føre ved direkte motstrid, til dømes ved ulike føresegner om utnyttingsgrad, byggjehøgder, byggjegrenser eller støy. Denne typen vidareføring av gjeldande reguleringsplanar følgjer direkte av plan- og bygningslova § 1-5, og skal ikkje synleggjerast ved bruk av omsynssone på plankartet, eller ved anna særskilt påteikning på plankartet. Kommuneplanen skal på vanleg måte vise hovud- og underføremål i nødvendig utstrekning. Eksisterande reguleringsplanar gjeld då så langt det ikkje er motstrid.

Av praktiske grunnar, og som rein informasjon, kan det vere nyttig å likevel liste opp eksisterande reguleringsplanar i kommuneplanen. Dette kan gjerast anten i planomtalen eller i føresegnene. Dersom kommunen tek opplistinga inn i føresegnene/retningslinene, må det skiljast tydeleg mellom denne typen vidareføring, og reguleringsplanar som skal vidareførast uendra, og altså gå føre kommuneplanen ved motstrid.

Pbl. § 11-8 (3) f; vidareføring reguleringsplanar uendra

I somme tilfelle kan det vere føremålstenleg å vidareføre ein reguleringsplan uendra. Dette gjeld til dømes der ein gjennom konkrete løysingar i reguleringsplan, har funne det forsvarleg å fastsette noko høgare utnytting i byggjeområda, enn det kommuneplanen generelt opnar for.

Skal slike løysingar vidareførast i konflikt med føresegnene i ein nyare kommuneplan, må omsynssone 910; «videreføring av reg.plan», nyttast, jf. plan- og bygningslova § 11-8 (3) f. Dersom sona ikkje vert nytta, gjeld dei generelle føresegnene i kommuneplanen framfor reguleringsplanen ved motstrid, jf. ovanfor.

Bruken av omsynssone 910, og korleis denne skal framstillast på plankartet, er nærare utdjupa i nasjonal produktspesifikasjon, del 1 pkt. 1.5.2. Den tilrådde måten er at sona vert vist med skravering og kvit bakgrunn på plankartet. Når kommuneplankartet viser kvit bakgrunn, vil det vere tydelegare for både innbyggjarar og andre brukarar at det er dei eldre planane som gjeld, og at kommuneplanen i utgangspunktet ikkje styrer arealbruken i området. Den alternative måten å framstille sone 910 på, er å vise den eldre reguleringsplanen på eit generalisert nivå, under skraveringa for omsynssona.

Ved bruk av sone 910 bør det også fastsettast at kommuneplanen utfyller dei eldre planane, og gjeld dersom tilsvarande tema ikkje er regulert i reguleringsplanane. Ved motstrid er det derimot reguleringsplanen som går føre, så lenge planen er omfatta av sone 910.

Tiårsfristen for private planar i § 12-4 siste ledd

Gjennomføring av gamle reguleringsplanar, og spesielt planar som ikkje tidlegare er heilt eller delvis utbygde, reiser særlege spørsmål. For å sikre at planar var forsvarleg oppdaterte, både med tanke på fagleg innhald og lokalpolitiske målsettingar, vart det ved plan- og bygningslova av 2008 innført ein femårsfrist for private detaljreguleringsplanar. Denne regelen vart oppheva frå 01.01.2015, og erstatta av dagens § 12-4 siste ledd:

«Er bygge- og anleggstiltak som hjemles i plan fremmet med bakgrunn i privat reguleringsplanforslag etter § 12-11, ikke satt i gang senest ti år etter at planen er vedtatt, skal kommunen før avgjørelse av byggesøknad for nye utbyggingsområder etter planen, påse at planen i nødvendig grad er oppdatert. Tiltakshaver er ansvarlig for å skaffe nødvendige opplysninger og dokumentasjon for kommunens vurdering.»

Tiårsfristen gjeld i dag berre for byggjesøknadar i ‘nye utbyggingsområde’ etter planen. Mindre tiltak er heller ikkje omfatta. I dei tilfella fristen er aktuell, får kommunen både høve og plikt til å vurdere konkret om planen er oppdatert. Dersom kommunen etter denne vurderinga kjem til at planen bør endrast eller opphevast, kan den vanlege framgangsmåten med mellombels forbod nyttast, jf. plan- og bygningslova kapittel 13.

Obligatorisk gjennomgang av eldre planar ved kommuneplanrevisjonar

For å sikre eit oppdatert plangrunnlag, må kommunen òg gjere tilsvarande vurderingar ved vidareføring av eldre reguleringsplanar, altså ved bruk av omsynssone 910 i kommuneplanen. Samstundes med innføringa av den nye tiårsregelen i § 12-4, vart det derfor lovfesta at kommunane skal vurdere innhaldet i planane før slik vidareføring, for å avgjere om dei er i samsvar med nasjonale og regionale interesser. Ut frå omsyn til likskap og konsekvens i arealforvaltninga, er det til dømes vere uheldig å overfor innbyggjarane å vidareføre eldre planar som ikkje er utbygde, samstundes som liknande prosjekt i dag vert avslått, eller ikkje fremja som planframlegg av kommunen. Kravet om miljørevisjon er derfor gjort obligatorisk ved bruk av sone 910.

Kravet gjeld ikkje der kommuneplanen går føre ved eventuell motstrid, jf. hovudregelen i plan- og bygningslova § 1-5. I desse tilfella er det tilstrekkeleg at kommuneplanen sjølv byggjer på eit forsvarleg kunnskapsgrunnlag, og er vurdert som akseptabel ut frå lokale, regionale og nasjonale interesser. I den grad eldre reguleringsplanar (utan sone 910) er i konflikt med nye og oppdaterte krav, vil desse bli sett til side av dei nye kommuneplanføresegnene.

Dersom kommunen ikkje ser seg tent med miljørevisjon etter § 11-8 (3) f, eller manglar ressursar til å gå gjennom reguleringsplanane, kan eit alternativ vere å vedta kommuneplanen utan å bruke sone 910. Dei gamle reguleringsplanane gjeld i så fall framleis, men berre så langt dei ikkje er i strid med nytt planverk, jf. § 1-5 og Prop. 121 L (2013-2014) pkt. 3.4.3.

Miljørevisjon inneber ikkje noko krav om ordinær planprosess etter § 12-14. Det er i utgangspunktet tilstrekkeleg at kommunen gjer ei overordna vurdering av planane som skal vidareførast med sone 910, opp mot nasjonale og regionale rammer og mål. Av omsyn til medverknad bør vurderinga syne att i planomtalen, jf. § 4-2, eller i anna grunnlagsdokument eller vedlegg til kommuneplanen. Ved bruk av sone 910 må kommunen uansett kunne dokumentere for ettertida at vurderingane i samsvar med § 11-8 (3) f, er gjort.

Oppdaterte kommuneplaner er eit viktig styringsverkty

Alle kommuner har plikt til å utarbeide ein kommunal planstrategi i kvar kommunestyreperiode, og seinast eitt år etter konstituering av kommunestyret, jf. pbl. § 10-1. På grunnlag av planstrategien skal kommunen etter behov ta opp arbeid med ein samla kommuneplan, kommunedelplanar for enkelte sektorar eller tema, og arealplaner som arealdelen til kommuneplanen og reguleringsplanar.

Plan- og bygningslova føreset at kommuneplanen skal vurderast i løpet av kvar valperiode for å sjå om det er behov for endringar. Det er stor skilnad mellom kommunene i Sogn og Fjordane når det gjeld kor ofte kommuneplanen vert revidert eller kor oppdaterte planane er.  Fleire kommunar har revidert kommuneplanen i løpet av dei siste åra og fleire kommunar er i gang med revisjon, men framleis er det kommunar som ikkje har revidert arealdelen til kommuneplanen på mange år. Sjå kart som viser status for arealdelen pr. september 2014. Dette kartet viser kor tid arealdelen til kommuneplanen sist vart revidert i dei ulike kommunane, og kven som er i gang med revisjon.

Nokre kommunar har valgt å utarbeide nye kommunedelplanar for dei delane av kommunen der det er størst utbyggingsbehov, framfor å oppdatere heile arealdelen. Det er positivt at kommunane utarbeider og reviderer kommunedelplanar, men desse kan ikkje fullt ut erstatte arealdelen til kommuneplanen som overordna styringsverkty for heile kommunen.

Kommunen sitt ansvar som lokal planstyresmakt

Kommunen skal kvalitetssikre planane før utlegging til offentleg ettersyn. Dette inneber at kommunen m.a. skal sjå til at planen:

  • er i tråd med regionale og nasjonale føringar for miljø- og arealpolitikken.
  • er utarbeidd i samsvar med krava i plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og anna relevant lovverk
  • er framstilt i samsvar med gjeldande SOSI-standard, jf. kart- og planforskrifta
  • er godt opplyst gjennom utfyllande planomtale eller eventuelt konsekvensutgreiing med alle relevante tema, og at vurderingar etter §§ 7-12 i naturmangfaldlova kjem tydeleg fram i alle saker
  • er tilstrekkeleg detaljert når det gjeld både plankart og føresegner for å ivareta aktuelle omsyn og interesser
  • har med ROS-analyse (jf. kravet i pbl. § 4-3)
Naturmangfoldlova set sterkare krav til vurderingar av tema som biologisk mangfald ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Lova inneheld sentrale prinsipp i §§ 7-12 (dei miljørettslege prinsippa) som skal leggjast til grunn for m.a. planlegginga i kommunane. Kommunen skal sørgje for at vurderingar etter desse prinsippa i naturmangfaldlova kjem tydeleg fram i saksutgreiinga i alle saker.
 
Etter KU-forskrifta er kommunen ansvarleg styresmakt for kommune(del)planar og reguleringsplanar (som ikkje krev løyve etter sektorlov). I denne rolla skal kommunen fastsetje planprogrammet. Det er avgjerande at kommunen også her spelar ei aktiv rolle for å sikre at planprogrammet vert formulert på ein slik måte at alle relevante utgreiingstema vert utgreidd på ein god måte. For tema naturmangfald må behovet for ytterlegare kartleggingar vurderast, og eventuelt feltarbeid må tilpassast sesong/tid på året for dei aktuelle artane og naturtypen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.