Korallar i vår marine fauna

Augekorall i bakgrunnen, risengrynskorall, sjøtre og medusahode i front. Foto: Erling Svensen.

Vi ser auka trong for å kartlegge korallar i område der det skal utførast marine tiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.08.2020

Kva er ein korall?

Korallar er fastsitjande nesledyr som lever av å fange næring frå vatnet som strøymer forbi. Kaldtvasskorallane vi finn langs kysten vår lever på djupt vatn utanfor syne for dei fleste av oss. Dei er avhengige av ein sterk straum av friskt vatn med låg temperatur. Mesteparten av dei er typisk å finne på over 100 meters djup.

Dei to viktigaste gruppene av korallar er dei rev-byggjande, som hos oss hovudsakeleg er augekorall, og dei som dannar korallskog, som i hovudsak er ulike artar av hornkorallar. Dei største hornkorallane vi har er sjøtre, sjøbusk og risengrynskorall.

Korallar gir god ly til fisk og andre artar

Korallreva er «hot spots» når det kjem til naturmangfald og artsrikdom, fordi dei dannar strukturar på botnen som gir ly til fiskeyngel og andre små organismar. Også korallskogane har ein slik funksjon, men dei er ikkje fullt så rike på liv som korallreva. Det er ikkje korallane i seg sjølve som utgjer den høge artsrikdomen, men alle dei andre artane som lever inne blant dei. Totalt er det registrert over 980 forskjellige artar på norske korallrev.

Korallreva veks med om lag 1,3 mm i året, og det er berre dei ytste rundt 20 centimetrane som er i live (kvite eller rosa på farge). Innanfor er det daud korall (brun), mens det i underkant og bakkant av revet ligg knuste og meir eller mindre nedbrotne korallbitar, kalla korallgrus. Dei tre forskjellige sonene av korallrevet er alle viktige for artsmangfaldet, ettersom det lever ulike artar i dei ulike sonene. Den aller største artsrikdommen finn vi i sona med den daude delen av revet.

Dei eldste korallreva i Noreg er antatt å være 9000 år gamle

Den låge vekstraten gjer at korallreva kan reknast for å vere ikkje-fornybare, då det vil ta fleire hundre år for ein koloni å oppnå ein diameter på 1,5-2 meter, og fleire tusen år før dei når ein tjukkleik på 10-30 meter. Miljøforvaltninga legg eit strengt «føre-var-prinsipp» til grunn når det gjeld tiltak som kan påverke viktige førekomstar av korallar. Dei eldste reva i Noreg er antatt å vere 9000 år gamle. Hornkorallane har derimot ein noko raskare vekstrate (opptil 4 mm i året), og blir «berre» 3-400 år gamle.

Trugslar frå menneskeleg aktivitet

Tradisjonelt har tråling på  sjøbotn vore den største trugselen mot korallreva, og 30-50 % av reva på kontinentalsokkelen er i dag rekna som øydelagde eller skadde av tråling. Dei siste åra har merksemda auka om at oppdrettsanlegg og andre tiltak og inngrep tett ved korallrev kan ha negativ innverknad på dei. Oppdrettsanlegga slepp ut store mengder organisk materiale, som kan stresse korallane. Stresset fører til at vekstraten til korallrev som ligg nær ved anlegga går ned. Samstundes aukar erosjonen på den daude delen av revet, slik at revet i praksis kan krympe. Kunnskapen om kor mykje dei ulike typane og artane av korallar kan tole av utslepp frå oppdrettsanlegg, er enno svært mangelfull. Ein kan ikkje sjå bort frå at korallane kan verte negativt påverka i ein avstand på 1-1,5 km frå anlegget. Andre trugslar for korallane kan vere auka sedimentering (både organisk og uorganisk) over tid, eller endringar i straumtilhøva. Slikt kan skje både naturleg, ved til dømes ras i bratte fjordsider, eller med hjelp frå menneske, ved mellom anna mudring eller dumping av massar.

Kartlegging av korallar

I kjølvatnet av akvakultursaka ved Husevågøy i Kinn kommune, der det vart oppdaga store og unike korallførekomstar etter at akvakulturløyve var gitt, har Fylkesmannen i Vestland kravd kartlegging av korallar i område der det vert søkt om å etablere eller utvide akvakulturproduksjon. I akvakultursaker er Fylkesmannen mynde for utslepp. Utsleppsløyve kan gjevast med heimel i forureiningslova, som  også må ta omsyn til føringar frå naturmangfaldlova. Naturmangfaldlova §9 blir kalla føre-var-prinsippet, og seier at vi i situasjonar med for lite kunnskap skal vurdere saka i naturmangfaldet sin favør. I samband med akvakultursøknader har oppdrettarar i fylket utført fleire nye kartleggingar i område der vi til no ikkje har hatt særleg med informasjon om det marine naturmangfaldet, og fleire svært spanande funn er blitt gjort.

Oppdrett og korallar likar seg i dei same områda

Det har kome fram mykje ny informasjon om korallar frå kartleggingar i Sildagapet, Nordfjorden, Førdefjorden, Dalsfjorden, Ytre Sogn, Krossfjorden, Langenuen og Hardangerfjorden. I hovudsak ser vi at revbyggjande korallar og hornkorallar trivst i bratte veggar med hardbotn, der straumen er sterk og djupna er frå 150 – 400 meter. Dei same områda er i mange tilfelle også ettertrakta som oppdrettslokalitetar, som igjen kan føre til at opprettsinteresser og korallførekomstar kan komme på kollisjonskurs.

Med god kartlegging av sårbar natur rundt eksisterande og framtidige akvakulturanlegg, kan slike konfliktar dempast, og desse viktige artane kan få den oppfølginga dei har krav på. Fylkesmannen vil også framover sette krav til akvakultursøknader og andre typar tiltak i sjø om å få tatt ein «korallsjekk» i områda det gjeld.

Del gjerne lokal kunnskap om sårbar natur i sjø med oss

Har du lokal kunnskap om sårbar natur i sjø ber vi deg om å dele dette med oss. Det kan gjerast ved å fylle ut skjemaet her.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.