Trekker utsleppsløyve for å beskytte ein unik korallførekomst

Fylkesmannen trekker tilbake utsleppsløyvet til Troland Lakseoppdrett AS, Langøylaks AS og Austevoll Melaks AS grunna fare for irreversible skadar på ein 1,5 kilometer lang korallførekomst ved Husevågøy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.09.2019

Fekk løyve desember 2018

Dei tre verksemdene fekk utsleppsløyve for akvakulturproduksjon med inntil 3120 tonn på lokaliteten Husevågøy 20. desember 2018.

Korallførekomsten er unik

Havforskningsinstituttet (HI) har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vore på staden og laga eit notat som samanfattar kunnskapsstatus for blomkålkorallførekomsten ved Husevågøy per 1. juli 2019. HI konkluderer med at blomkålkorallskogen på Husevågøy er unik i Noreg, basert på den omfattande geografiske utstrekkinga med høg tettheit av individ.

Dykkar melde ifrå

Den 7. juni 2019 fekk Fylkesmannen ein telefon frå ein erfaren dykkar og kjend naturfotograf, Erling Svensen. Han hadde akkurat dykka på Husevågøy i Vågsøy kommune kor Fylkesmannen i desember 2018 gav utsleppsløyve til eit nytt oppdrettsanlegg. Svensen informerte om at det langs heile veggen, langsmed akvakulturområdet, fantes eit 1,5 kilometer belte med ein tett førekomst av blomkålkorall (Figur 1). Han samanlikna artsmangfaldet på denne lokaliteten på Husevågøy med Saltstraumen som i dag er verna.

Blomkålkorallar ved Husevågøy i 2019

Førekomsten av korallar ukjent før vedtaket vart fatta

Det låg ikkje føre nokon informasjon i saksdokumenta om at korallar fanst i området på tidspunktet for sakshandsaminga før løyvet vart fatta. Den potensielle påverknaden på korallførekomstar som etableringa kunne gje, vart difor ikkje vurdert.

Oppdrettsfirma fekk førehandsvarsel om trekking av løyvet

På bakgrunn av dei nye opplysningane om korallførekomsten vart det gjennomført eit telefonmøte med sektorstyresmaktene og Havforskningsinstituttet. Oppdrettsanlegga vart informert om at at Fylkesmannen vurderte å trekkje tilbake utsleppsløyvet og at lokaliteten dermed ikkje ville kunne takast i bruk som planlagt for haustutsett av fisk no i år. Det vart gitt ein merknadsfrist på tre veker.

Dokumentasjon av korallførekomsten ved Husevågøy

I løpet av sommaren har Fylkesmannen samla kunnskap om korallførekomsten og dokumentasjon på tettheit og størrelse av førekomsten på Husevågøy. Blomkålkorall er ganske vanleg nordover i landet, men finst vanlegvis på areal av størrelse 100 m2. På Husevågøy er det til samanlikning snakk om eit 1,5 kilometer langt felt i bratt fjell som strekker seg minst frå 25 – 100 meters djupne, med tettast førekomst grunnare enn 40 meter. Det er heilt unikt i nasjonal samanheng. I tillegg til ei stor utbreiing, så veit vi at korallar skapar eit særs viktig miljø for eit rikt dyreliv. Dei skapar skjul og er oppvekstområde for mange artar, også kommersielle fiskeartar.

Korallførekomstar er sårbare

Fylkesmannen har blitt gjort merksam på at andre, mindre førekomstar av blomkålkorall har gått tapt i tidlegare år. Nokre har gått tapt grunna påverknad frå auka forureining, medan for andre er årsaka uviss. Den mest kjende er førekomsten på Tørvikhammeren ved Averøy i Møre og Romsdal som skal ha bestått av 2-300 individ. Den gongen blei denne vurdert som ein særs stor førekomst. Han skal ikkje ha vore breiare enn 50 meter og var tettast på 35-45 meters djupne. Denne forsvann i løpet av få år på 90-talet etter eit oppdrettsanlegg blei etablert i nærleiken. Det kan verke som at reetablering etter skade er komplisert for blomkålkorallen. Larvene er store og viser seleksjon for substrat. Dette gjer det vanskeleg å feste seg, spesielt i bratt fjellvegg. Dei veks også, som andre artar av korallar, seint. Utbreiing og tettheit ved Husevågøy tyder difor på at førekomsten er svært gammal.

Funn av hornkorallar

Konsulentfirmaet Rådgivende Biologer vart hyra inn av oppdrettsselskapa til å utføre ei undersøking av korallane. Deira rapport stadfestar tette førekomstar, og dei fann i tillegg hornkorallar: sjøtre, risengrynskorall og sjøbusk som dannar naturtypen hardbotnkorallskog. Korallkoloniar på djup hardbotn skapar eit viktig habitat for ei rekkje andre marine artar, og er sårbare for menneskeleg påverknad. Hornkorallane på Husevågøy blei observert i to av Rådgivende Biologer sine djupaste transekt. Dei fleste andre transekta gjekk ikkje så djupt som der ein fann hornkorallar, slik at det ikkje kan utelukkast at det også finst hornkorallar på store djup fleire stader i nærleiken til anlegget. Figur 2 viser ei samanstilling av undersøkte areal ved Husevågøy og det planlagde oppdrettsanlegget.

Kart over forekomstane blomkålkorall Vågsøy

Avveging mellom å ta vare på unikt og viktig naturmangfald og ulemper og kostnadar for selskapa

Eit vedtak om å trekke tilbake løyvet etter forureiningslova, og såleis stoppe etableringa av akvakulturproduksjon ved lokaliteten Husevågøy, vil sikre at det ikkje skjer utslepp og påfølgjande negativ påverknad på førekomsten og det unike økosystemet den representerer. Fordelen er at ein unngår skade på unikt marint naturmangfald. Risikoen for korallane er direkte kopla mot utslepp frå oppdrettsverksemd.

Fylkesmannen sin konklusjon er at vedtaket om å trekke tilbake løyvet etter forureiningslova er forholdsmessig og i samsvar med krava i § 18 i forureiningslova. Det vert ikkje vurdert som forsvarleg for miljøet å tillate ei mellombels drift. Å risikere at naturkvalitetane her vert øydelagde eller vesentleg reduserte som følgje av utslepp frå akvakulturanlegget, vil og vere i strid med føringane i naturmangfaldlova om berekraftig bruk og vern av naturen. Kostnader og ulemper for selskapa vert store, men vår vurdering er at fordelen for miljøet ved å unngå risikoen for irreversibel skade på ein unik korallførekomst er større.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.