Marknadshagar for lokal grønsaksproduksjon

Gjennom samarbeid med Stadsbruk Europe vert marknadshagemodellen tilpassa eit variert norsk klima.
Gjennom samarbeid med Stadsbruk Europe vert marknadshagemodellen tilpassa eit variert norsk klima. (Foto: Frøydis Lindén/FMVL)

No er marknadshagane også komne til Noreg for å bli. Det er ein internasjonal modell for allsidig småskala produksjon av grønsaker. Målet er å skape ein lønnsam produksjon, og omsetje lokalt

God planlegging og lite mekanisering

Kjenneteikn på marknadshagar er konsentrert produksjon i faste bed på areal på 1-5 dekar. Mange har også ein mindre produksjon i tunell for å forlenge sesongen. Det er låge investeringar, då mykje av drifta vert gjort med handreiskap eller tohjulstraktor. Frå 2020 kan det søkjast om oppstartsstøtte frå Innovasjon Norge.

God planlegging og utnytting av arealet er viktig for lønsemda i produksjonen. Målet er sal i heile vekstsesongen gjennom REKO-ringar, andelslandbruk, abonnementskassar, restaurantar eller andre lokalmatutsal.

Fleire marknadshagar i Norge

Tilrettelegging for marknadshagar skjer i samarbeid mellom aktørar i Sverige og fire fylke i Noreg. Her vert det lagt til rette med kurs og rådgiving for verksemder som driv etter denne modellen.

Målgruppa er interesserte gartnarar og bønder, som anten har eige gardsbruk eller som ønskjer å leige jord til produksjon av kortreiste grønsaker. Å legge til rette for kommersiell, lønsam dyrking, vil bidra til å auke lokalmatproduksjonen av grønsaker både i bynære strok og i bygdene.

Marknadsarbeid frå starten

Namnet marknadshage gir eit hint om at marknadsarbeid og sal er like viktig som å lukkast med å dyrke fram grønsakene. I Sverige har støtte gjennom prosjektet Stadsbruk vore viktig, for raskt å kome inn på ein marknad og sikre lønsemd i drifta. Frå 2014 har prosjektet støtta 60 verksemder med marknadshagedrift i tre byar. No er Stadsbruk klar for å gje erfaringane vidare til andre land i Europa.

Stadsbruk i Norge

I Norge er Fylkesmannen i Vestland, Trøndelag, Oslo og Viken kopla på prosjektet saman med lokale aktørar. I løpet av 2020 satsar ein på å få på plass ei prosjektnettside, for å formidle erfaringar og gode døme til inspirasjon for andre fylke og grønsaksmiljø.

Kontaktpersonar