Veterinærar og koronasmitte – gjeldande reglar

Landbruksdirektoratet har fått mange spørsmål som gjeld veterinærar i samband med utbrot av korona. I samarbeid med Mattilsynet har dei laga eit notat som svarar på ein del av desse problemstillingane dei har fått.

Kommunane har plikt til, etter lova om dyrehelsepersonell § 3a, å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell og ansvar for å organisere klinisk veterinærvakt for alle dyreartar utanom ordinær arbeidstid. Organisering av klinisk veterinærvakt bør vere ein del av den generelle beredskapsplanlegginga for kommunane.

Notatet peiker mellom anna på moglegheiter som finst om kommunen treng å få inn vikarar ved sjukdom eller karantene hos veterinærane, samarbeid mellom vaktdistrikt og tilskot til veterinære reiser i samband med koronaepidemien.

Notatet inneheld ei rekkje lenkjer til vidare informasjon som kan vere nyttig for kommunane og veterinærane. Du finn det på høgre side her og på lenkja under.

Notat: Reglar som gjeld veterinærområdet ved utbrot av koronasmitte