Meld ifrå om du finn kadaver eller spor etter freda rovdyr

Dersom du finn kadaver som du trur kan vere drepe av freda rovdyr, må du melde frå til Statens naturoppsyn (SNO) så raskt som mogleg. Det same gjeld om du finn spor etter eller ser freda rovdyr i beiteområdet.

Heile Vestland er prioritert beiteområde, men likevel opplever vi at både jerv, ulv og andre freda rovdyr kjem inn i området. Det er derfor viktig å melde frå for å legge grunnlag for ei best mogleg forvaltning av freda rovdyr. Dersom det er mistanke om tap av dyr pga. rovdyr, er det viktig med dokumentasjon, både for å få sett i gang tiltak og for å kunne sikre erstatning av tap.

Hugseliste ved funn av kadaver:

  • Ta fleire bilete av kadaveret.
  • La kadaveret ligge mest mogleg urørt, men dekk til med kvist, busker stein og mose. Om det er kaldt og kadaveret ikkje ligg i sola, kan ein eventuelt bruke bossekk. 
  • Merk funnstaden så nøyaktig du kan. Om du har dekning, er det aller best at du tek skjermbilde som syner GPS posisjonen din.
  • Ring SNO, send bilete av kadaver og posisjon.
  • Registrer gjerne funnet i skandobs.

Rovviltkontaktane til SNO:

Område Namn Mobil
Regionansvarleg for Vestland Rein Arne Golf 480 94 364
Nordfjord Sverre Sæten 404 48 216
Sunnfjord Finn Olav Myhren 468 98 112
Sogn Aina Elise Stokkenes 416 24 301
Sogn Trond Rune Flikki 913 38 078
Sogn Håkon Øydvin 995 67 650
Hardanger m. omland Harald N. Andersen 902 13 685
Sør Hordaland Andreas Dunkley 480 25 444
Ytre Hordaland Hartvig Haugen 970 13 594
Nordhordaland Ingmar Slettemark 957 09 271


Meir informasjon om Statens naturoppsyn (SNO).

Bondelaget har laga ei hugseliste over kva du bør ha i sekken når du går tilsyn.

Elektronisk overvaking av dyr på utmarksbeite

Mange beitelag melder tilbake at dei har gode erfaringar med radiobjøller eller e-bjøller. Dei gjev bonden oversikt over kor dyra er, og ein kan få melding om dyra ligg i ro. Dette kan vere veldig viktig verktøy for å finne dyr som eventuelt er skada av rovdyr.

Gjennom ordninga tilskot til tiltak i beiteområde, kan bonden få dekt delar av kostnaden ved innkjøp av dei elektroniske bjøllene. Dette er ei ordning som kommunane forvaltar og som beitelag kan søke på. Vanlegvis er det søknadsfrist om våren. Ta kontakt med kommunen din eller eit beitelag i området ditt om du har spørsmål om ordninga.