Kommuneøkonomi

Fylkesmannen skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til fylkesmannen) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Fylkesmannen dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.

Vis meir


18.03.2020

Osterøy kommune innmeld i Robek

Osterøy heradsstyre har vedteke ein økonomiplan med ubalanse/meirforbruk frå 2021. Kommunen er derfor innmeld i Robek (Register om betinga godkjenning og kontroll) etter kommunelovas § 28-1, bokstav B (driftsdelen i økonomiplanen er vedteken med eit meirforbruk).

16.03.2020

AVLYST - Økonominettverk 2020

På grunn av Covid-19 og den siste utviklinga av pandemien, blir samlinga i Økonominettverket på Voss, 18. og 19. mai 2020, avlyst. Vi kjem attende til informasjon om eventuell samling i 2020 seinare.  

06.03.2020

Gjennomgang av budsjett og økonomiplanar

Kommunane sender budsjett 2020 og økonomiplan 2020 – 2023 til Fylkesmannen, som går gjennom dokumenta etter kommunelova med forskrifter og retningslinjer.  

28.11.2019

Bremanger kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Kommunestyret sitt opphavlege vedtak om budsjett 2019 og økonomiplan 2019–2022 vart ikkje godkjent av Fylkesmannen. Budsjett og økonomiplan er behandla på nytt i to kommunestyremøte, 19. juni og 7. november. Kommunen er innmeldt i Robek, og det er det siste vedtaket som no er godkjent.

06.11.2019

Kostra-rapportering for 2019

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 17. februar 2020.

18.10.2019

Fordeling av resterande skjønnsmidlar

Fylkesmannen har fordelt resterande skjønnsmidlar til kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane med til saman 12 mill. kroner.

07.10.2019

Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2020

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande tenester, høgare sats for arbeidsgjevaravgift og svak økonomi er prioritert i skjønnsfordelinga.

07.10.2019

Statsbudsjettet 2020

Statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram måndag 7.10.19., og Fylkesmannen arrangerte statsbudsjettdag på Statens Hus i Leikanger.

08.08.2019

Kommunale utgifter etter naturhendingar

For materielle skader på kommunal infrastruktur etter naturhendingar, kan kommunane søke om skjønnsmidlar til dekking av ekstraordinære utgifter.

05.06.2019

Oppsummering frå økonominettverket i Balestrand 3. og 4. juni

Årets samling i økonominettverket er gjennomført og arbeidsutvalget takkar alle innleiarar og deltakarar for ein god og innhaldsrik konferanse.

Fleire nyhende