Kurs for LIS1 hausten 2019

Startar du som LIS1 i kommunehelsetenesta 1. september 2019?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.07.2019

Under vil du finne oversikt over kurs for deg som skal vere LIS1 i Sogn og Fjordane og Hordaland (Vestland). Kurset i offentleg helsearbeid er også ei samling for fysioterapeuter og kiropraktorar som er i turnus.

Program, påmeldingsskjema og dato kjem så snart dette er klart.

Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde vil legge til rette for at dei som tek akuttmedisinkurset i Førde får kurs i nødnett før dei byrjar i legevakt. Kurset i nødnett vert halde som kveldskurs 10. september. Dette må kommunane sjølv dekke. Arrangøren vil sende ut faktura i etterkant av kurset. 

Sogn og Fjordane legeforening vil arrangere kurs i normaltariffen 16.09.2019 på Thon Hotel Jølster. Dette er eit kurs som kommunane må dekke. Meir informasjon om påmelding og program kan du finne i informasjonsskriv frå legeforeninga til høgre.

Meir informasjon og program med lenkje til obligatorisk forkurs vil du finne i informasjonsskrivet frå kursleiar Norleiv Helgheim, Helse Førde (telefon 95 22 07 49) i høgremargen. Forkurset må ein ta før den praktiske delen av kurset tek til.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.