Rettleiing om regelverket for individuell plan, koordinator og koordinering

Mellombelse endringar i helselovgjevinga fører til endringar i regelverket om individuell plan, koordinator og koordinering.

Pasientar og brukarar sin rett til individuell plan og tenestene si plikt til å utarbeide individuell plan har mellombels stoppa. Målet er å avlaste helsetenestene.

Dette kjem som følgje av Midlertidig forskrift om endringer i helselovgivingen for å avhjelpe konsekvenser under utbruddet av covid-19.

Les meir i skrivet frå Helsedirektoratet, som du finn i høgremargen.