Individuell plan

Oppdatert 05.01.2024

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte helse-, omsorg- og sosialtenester, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan om du sjølv ønskjer det. 

Det er helse- og omsorgstenesta i kommunane, helseføretaket og kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav) som skal sørge for at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan. Dersom du treng tenester frå både kommunen og spesialisthelsetenesta, er det kommunen som skal sørge for at planen blir utarbeidd og koordinere arbeidet.

Føremålet med ein individuell plan  

  • Individuell plan skal medverke til at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Samfunnet skal sikre at det alltid er éin person – ein koordinator – som har hovudansvaret for å følgje opp deg som tenestemottakar.
  • Planen skal vere klargjerande for tenestemottakaren, avklare ansvarsforhold og danne grunnlag for vedtak om tenester frå det offentlege. Vidare skal det gjerast ei vurdering og setjast i verk tiltak som kan medverke til at hjelpa blir koordinert.
  • Planen skal medverke til å styrkje samhandlinga mellom deg, eventuelle pårørande og tenesteytarar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivåa.


Dei ulike aktørane har plikt til å samarbeide

Individuell plan er tenestemottakaren sin plan. Det inneber at det er dine mål som skal vere utgangspunktet for prosessen. Som brukar har du rett til og blir oppfordra til å vere med på å utgreie behovet for tenester, ønske og mål i kvardagen og i framtida. Den delen av kommunen eller helseføretaket som brukaren vender seg til, har ei sjølvstendig plikt til å få sett i gang arbeidet med planen. Dersom du har behov for tenester frå andre tenesteytarar eller etatar, har dei òg plikt til å samarbeide.

Koordinator utan individuell plan

  • Kommunen skal tilby koordinator også for pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester som takkar nei til individuell plan. 
  • Spesialisthelsetenesta skal tilby koordinator til pasientar med behov for komplekse eller langvarig og koordinerte tenester. Koordinator i spesialisthelsetenesta erstattar den tidlegere ordninga med pasientansvarleg lege. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren skal medverke til samarbeid og ansvarsavklaring mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 27.09.2022

Samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira

For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og familien deira, har Stortinget vedtatt nye reglar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Det er utarbeidd ein rettleiar til desse reglane.


Publisert 24.08.2022

Ny forskrift om individuell plan

«Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester» tok til å gjelde 1. august 2022.


Publisert 03.04.2020

Rettleiing om regelverket for individuell plan, koordinator og koordinering

Mellombelse endringar i helselovgjevinga fører til endringar i regelverket om individuell plan, koordinator og koordinering.


Publisert 16.12.2019

Nytt e-læringsprogram om koordinator og individuell plan

Leiarar, koordinatorar og andre tilsette kan lære om individuell plan og koordinator i nytt e-læringsprogram.


Publisert 09.07.2019

Nytt informasjonsmateriell om individuell plan og koordinator

Koordinerte tenester er ei sentralt tema i mange av tiltaka i primærhelsemeldinga. Her finn de meir om det nye informasjonsmateriellet som er tilgjengeleg om individuell plan og koordinator etter helse- og omsorgstenestelova.