Nytt e-læringsprogram om koordinator og individuell plan

Leiarar, koordinatorar og andre tilsette kan lære om individuell plan og koordinator i nytt e-læringsprogram.

Tenestemottakarar og pårørande kan også ha nytte av opplæringa. Helsedirektoratet har utarbeidd kurset i samarbeid med kommunar og helseføretak.

E-læringskurset gjev ei innføring i relevante lovar og reglar, og det er lagt opp til ei praktisk tilnærming til individuell plan og koordinatorrollen. Kurset kan brukast både individuelt og i grupper. Det kan bidra til meir kunnskap, refleksjonar og gode diskusjonar.

E-læringsprogrammet ligg tilgjengeleg på følgjande læringsplattformer:

  • Difi Læringsplattform 
  • Kompetansebroen.no
  • Læringsplattformen til Helse Nord RHF (for tilsette i Helse Nord)
  • Læringsplattformen til Helse Midt-Norge RHF (for tilsette i Helse Midt-Norge)
  • Læringsplattformen til Helse Vest RHF (for tilsette i Helse Vest)
  • Læringsplattformen til Helse Sør-Øst RHF (for tilsette i Helse Sør-øst)