Desentralisert kompetanseordning vaksenopplæringsfeltet

(Illustrasjonsfoto: Pixabay)
(Illustrasjonsfoto: Pixabay)

Desentralisert kompetanseutvikling gjennom skulebasert utviklingsarbeid for lærarar og leiarar som underviser vaksne, er ei kompetanseordning som skal bidra til kvalitet i opplæringstilboda og fornye og forbetre opplæringa.

Målet med ordninga og satsingsområde

Målet med ordninga er å bidra til kvalitet i opplæringstilboda og fornye og forbetre opplæringa. Målgruppa for ordninga er lærarar og leiarar som underviser vaksne. 

Kompetanseutviklinga skal tilpassast vaksenopplæringa lokalt. Midlane skal gjevast etter lokale prioriteringar og behov. Kompetansetiltaka må vere  knytt til fagleg og pedagogisk utvikling av opplæringa etter læreplanar, Kunnskapsløftet og/eller Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Tiltaka skal gje auka kompetanse innanfor områda: arbeidsmåtar i opplæringa som bidreg til eit meir effektivt og individuelt tilpassa opplæringstilbod, utvikling av godt læringsmiljø og kartlegging og vurdering.

Deltakar i ordninga og fordeling av midlar

I Vestland fylke er det 43 kommunar og 10 kompetanseregionar. Hausten 2019 vart det etablert eit samarbeidsforum med representantar frå regionar, vidaregåande skule og universitet- og høgskulesektoren. Samarbeidsforum har møte to gonger pr. år. I 2019 og 2020 vert midlane fordelt etter tal årsverk i regionane. Det vil seie at alle regionane får tildelt midlar basert på  årsverk i vaksenopplæringa. Regionane avgjer ut frå lokale behov satsingsområda for ei skulebasert kompetanseheving. Med skulebasert kompetanseheving meiner vi ei kollektiv læring der teoretisk/forskingsbasert kompetanseheving innanfor faglege tema som er definert lokalt, vert kombinert med praktisk utprøving og erfaringsdeling.