Nasjonale prøver 2020

Nasjonale prøver 2020 opnar for gjennomføring mandag 31. august til 25. september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.08.2020

Gjennomføringa av nasjonale prøvar er ein del av opplæringa og det er viktig å gjennomføre prøvane for å få ei undervegsvudering av elevane.

I haust er det likevel slik at koronarelaterte spørsmål vil dukke opp og vil påvirke gjennomføring av prøvane. Avklaring frå Udir knytt til koronasituasjonen og gjennomføringa av nasjonale prøvar vil de finne her.

Kompetansepakkar for nasjonale prøver i lesing

Prosjektgruppa i Utdanningsdirektoratet som har utarbeide nasjonale prøver i lesing har ferdigstilt to kompetanseutviklingspakkar som omhandlar oppfølging av resultat frå nasjonale prøver i lesing.

Kompetansehefta er og publisert på Språkløyper (nasjonal strategi for språk, lesing og skriving igangsatt av Kunnskapsdepartementet).

Kompetanseutviklingspakkane inneheld:

  • lesefagleg input
  • tidligere publiserte prøvetekstar og -oppgåver
  • didaktiske tips til leseundervisning som tek utgangspunkt i resultata frå nasjonale prøver

Innholdet i pakkene kan takast i bruk lokalt på den enkelte skule og er gratis.

Prosjektgruppa har tru på at dette kan hjelpe skulane når de skal analysere og følgje opp sine eigne resultat.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.